Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Avansert bekken-stråleterapi for å redusere dose til tarm

Hysing Liv Bolstad   

Liv Bolstad Hysing disputerer fredag 28.10.2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Exploring and exploiting the potential of IMRT to spare the bowel”.

Avhandlinga handlar om bruk av avansert stråleterapi, såkalla intensitets-modulert strålebehandling (IMRT), for behandling av pasientar med prostatakreft som får stråling mot lymfeknutar i bekkenet. Hysing sine resultat syner at behandling med avansert stråleterapi kan resultere i ei betre dosefordeling til svulsten, og samtidig redusere dosen til nærliggande friske organ som tarm og blære, samanlikna med konvensjonell strålebehandling. IMRT er difor standardbehandling for desse pasientane ved Haukeland Universitetssjukehus i dag.

I avhandlinga fokuserer Hysing særleg på korleis ein kan unngå å stråle tarmen - eit organ som er spesielt utsett med tanke på biverknader etter stråling av bekkenet til dømes ved behandling av prostatakreft, gynekologisk kreft eller blærekreft. Dette er både fordi tarmen er svært sensitiv for stråling og fordi den ofte ligg nært det området som skal behandlast.

Ei stor utfordring når ein prøver å unngå å stråle tarmen, er at han heile tida rører på seg. Hysing har i sitt doktorgradsarbeid utvikla ein metode som tar omsyn til tarmbevegelse i planlegging av behandlinga for desse pasientgruppene. Metoden er basert på eit antal repeterte CT scan (indre anatomiske bilde) av pasienten. Desse gjev informasjon om korleis posisjonen til tarmen varierer fra dag til dag for den spesifikke pasienten. Hysing har brukt denne informasjonen til å lage tredimensjonale kart som viser kvar i pasienten det er mest sannsynleg å finne tarm. Metoden legg grunnlaget for ei sikrare strålebehandling av svulstar i bekkenet, og kan på sikt opne for behandling med høgare doser utan å auke risikoen for alvorlege biverknader.

Personalia:
Hysing er fødd i 1981, og vaks opp på Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Ho fullførte sivilingeniørstudiet i Biofysikk og medisinsk teknologi ved NTNU i Trondheim i 2005. Sidan har ho vore knytt til Seksjon for medisinsk fysikk, Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk ved Haukeland Universitetssjukehus. Doktorgraden er utført ved Institutt for biomedisin, Universitetet i Bergen, med Ludvig Muren, Arvid Lundervold og Yngve Kvinnsland som rettleiarar, og delvis i Tübingen, Tyskland under rettleiing av Markus Alber. Prosjektet vart finansiert av Helse Vest RHF.

Tid og stad for prøveforelesinga:
27.10.2011, kl. 13.15. Oppgitt emne: Image-guided and adaptive radiotherapy for pelvic tumors
Stad: Auditorium 2, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

Tid og stad for disputasen:
28.10.2011, kl. 11.30, Auditorium 4, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

Kontaktpersonar:
Liv Bolstad Hysing, mob: 41431643, epost: liv.bolstad.hysing@gmail.com

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side