Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kvikksølv og næringsstoff i sjømat – risiko og helsegevinst

Shalini Jayashankar   

Shalini Jayashankar disputerer 22. juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Methylmercury Toxicity and its Amelioration by Seafood Nutrients”

Metylkvikksølv (MeHg) er eit giftig stoff som menneske kan få i seg gjennom stor rovfisk, for eksempel gjedde og tunfisk. Inntak av metylkvikksølv kan føre til helseskade, særleg for foster. Samstundes er fisk ein viktig del av eit sunt kosthald med lågt inntak av metta feitt og høgt inntak av fleirumetta feittsyrer. Fisk er også kjelde til ei rad viktige næringsstoff, blant dei selen, jod og vitaminar. Målet med denne studien er å gi ei balansert vurdering av risiko ved inntak av metylkvikksølv – sett opp mot helsegevinsten frå inntak av viktige næringsstoff.

Forsøk er utført på mus der mødrene er blitt eksponert for metylkvikksølv og/eller selen og DHA, ein (fleirumetta) omega 3-feittsyre. Forsøka viste at:

• Inntak av metylkvikksølv i kombinasjon med selen og DHA hadde effekt på hjernecellene.
• DHA reduserte effekten av metylkvikksølv i hjernen på mus som var blitt eksponert i fosterstadiet.
• Selen hadde ingen påviseleg effekt.
• Hos mus, eksponert for metylkvikkssølv i fosterstadiet, påverka inntak av DHA griperefleksen – noko som indikerer ein positiv verknad av DHA.

Studien viser også at måling av giftstoff i mat ikkje nødvendigvis gir eit godt grunnlag for å fastslå helserisiko, fordi konsum av fisk samstundes kan tilføre fleire næringsstoff som saman kan redusere effekten av giftstoff.

Doktorgradsarbeidet er utført ved NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking) i Bergen.

Personalia:
Shalini Jayashankar er fødd 2. februar 1984 i India. Mastergrad frå University of Nottingham, Storbritannia.

Tid og stad for prøveforelesinga:
21.06.2011, kl. 14.00. Oppgitt emne: "Achievements and challenges in the development and application of risk assessment methodology, using seafood safety as an example."
Stad: Sildetønnen NIFES, Nordnesboder 4, Nordnes

Tid og stad for disputasen:
22.06.2011, kl. 10.00, Sildetønnen NIFES, Nordnesboder 4, Nordnes

Kontaktpersonar:
Shalini Jayshankar, epost: sja@nifes.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side