Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Menneske- og livssyn hos alternative terapeutar

Anne Kalvig   

Anne Kalvig disputerer fredag 27. mai 2011 for ph.d.-graden i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen med avhandlinga ”Åndeleg helse. Ein kulturanalytisk studie av menneske- og livssyn hos alternative terapeutar”.

Avhandlinga er ein kvalitativ analyse basert på djupintervju med ni alternative terapeutar. Målet har vore å få auka kunnskap om refleksjonar og normative ståstader som finst i spirituelt orientert, alternativ terapi. Terapeutane har m.a. formidla sine syn på kropp, sjel, ånd, kjønn, sjukdom, liding og på alternativ terapi sin eventuelle sosiopolitiske relevans. Fråsegnene er analyserte i samanheng med religionshistoriske og samtidskulturelle strøymingar.

I ei tid der bruk av alternativ terapi er omfattande, og der debattar går friskt for seg om alternative verdsbilete og praksisar, går denne studien meir i djupna kva gjeld alternative menneske- og livssyn, men har ikkje som mål å vurdera effekten av dei ulike terapitypane. Dei alternativterapeutiske synsmåtane blir presenterte som interessante i og for seg sjølve, og som interessante i ein meir overgripande, kulturell diskurs-samanheng.

At me har mange kroppar, ikkje eín, at sjel og ånd er meiningsberande begrep saman med kategoriar som energi, chakra og høgare sjølv, er funn frå studien som nyanserer tidlegare, meir tekstbaserte analysar, og gjev fleire inntak til forståing av kroppen og ånda sin ”situasjon” i det seinmoderne samfunnet. Den terapeutiske kjønnsforståinga framstår vidare som open, fleirtydig og undervegs, der essensialistiske syn er del av eit meir samansett bilete. Sjukdom som ubalanse og liding som kvalitativt annleis sjukdomstilstanden, blir gjeve ulikt meiningsinnhald av terapeutane. Alternativterapeutiske fortolkingar av det vonde sitt problem blir sett i samanheng med (etisk) holisme, og viser seg å variera ettersom ”teori” eller ”praksis” er på tale. I avsluttande analyse av terapi og samfunnsutvikling blir også holisme nytta i forhold til terapeutane som moglege aktørar på ulike felt, der aktivistisk samfunnsengasjement kan inngå, i motsetning til kva ein kulturell kritikk mot alternativfeltet ofte hevdar.

Personalia:
Anne Kalvig er fødd i 1972 i Stavanger. Ho tok mellomfag i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen i 1993, og grunnfag i sosialantropologi og to semesteremne i kjønnsstudiar ved Universitetet i Oslo i 1994. I 1998 nådde ho cand.philol.-graden i religionsvitskap ved UiO. Ho er tilsett som lektor i religionsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Doktorgradsarbeidet har vore utført under rettleiing av professorane Lisbeth Mikaelsson og Ingvild Sælid Gilhus, UiB.

Tid og stad for prøveforelesinga:
26.05.2011, kl. 16.30. Oppgitt emne: "Diskuter forholdet mellom alternativ medisin og folkemedisin"
Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole

Tid og stad for disputasen:
27.05.2011, kl. 09.30, Auditorium B, Sydneshaugen skole

Kontaktpersonar:
Anne Kalvig, epost: anne.kalvig@uis.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.