Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Arktiske fjordar er ei utfording for vêrvarslingsmodellar

Tiina Kilpeläinen   

Tiina Kilpeläinen disputerer torsdag 15. september 2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga ”The Atmospheric Boundary Layer over Arctic Fjords”.

På grunn av det samansette samspelet mellom storskala vêrtilhøve, land, sjø, sjøis og det omliggande landskapet, som består av fjell, dalar og isbrear byr Arktiske fjordar på store utfordringane for vêrvarsling- og klimamodellar.

I avhandlinga beskriv Kilpeläinen særtrekk ved den nedre delen av atmosfæren over fjordar på Svalbard. Dei viktigaste forskingstema har vore 1) energiutvekslinga mellom hav og atmosfære, 2) vertikalfordelinga av temperatur, fuktighet og vind, 3) den romlege fordelinga av meteorologiske variablar og 4) identifisering av hovud utfordringane for vervarslingsmodellar. Gjennom ph.d.-studiet har Kilpeläinen samla data ved bruk av vêrstasjonar og tethersonde-ballongar ved kystområda rundt fjordar på Svalbard. I tillegg til dette har ho, ved hjelp av ein finskala vervarslingsmodell, gjort simuleringar av dei meteorologiske tilhøva over fjordar på Svalbard,

Kilpeläinen sitt arbeid viser at vertikalprofila av temperatur, fuktighet og vind over Arktiske fjordar er komplekse og derfor vanskeleg let seg fange opp av vervarslingsmodellar. Over fjordar på Svalbard er det svært vanleg å finne eit eller fleire atmosfærelag der temperaturen og fuktigheten aukar med høgda. Vervarslingsmodellar klarer ikkje å fange opp desse laga på ein realistisk måte, noko som fører til heller store feil i modellerte parametrar ved bakken. Ho fann vidare at eit vindmaksimum i låg høgde var eit typisk trekk over Arktiske fjordar. Høgda til dette vindmaksimumet var avhengig av sjøis tilhøva, og var høgre oppe når der var is på sjøen.

I avhandlinga påpeikar Kilpeläinen at på grunn av komplekst terreng og ulike type overflate (sjøis og open sjø), så er den romlege variasjonen av meteorologiske variablar innan ein fjord svært stor og at den til tider kan vere like stor som variasjonen i tid. Dette krev horisontal oppløysing i størrelsesorden 1 km i vêrvarslingsmodellane for å gje ei realistisk simulering av dei signifikante småskala prosessane i områda kring ein fjord.

Personalia:
Tiina Kilpeläinen blei fødd i 1982 i Kajaani, Finland. Ho fullførte sin Mastergrad i Meteorologi ved University of Helsinki, Finland i 2006. I mai 2007 blei ho ansatt som stipendiat på UNIS og teken opp som ph.d.-kandidat ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
14.10.2011, kl. . Oppgitt emne: The influence of clouds on weather and climate in the Arctic
Stad: UNIS, Svalbard

Tid og stad for disputasen:
15.09.2011, kl. 10.15, UNIS, Svalbard

Kontaktpersonar:
Tiina Kilpeläinen, tlf: 95468512, epost: tiinak@unis.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side