Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Store plastfyllingar i tenner: fungerer det?

Lægreid Torgils   

Cand.odont. Torgils Lægreid disputerer torsdag 1. desember 2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”On extensive dental posterior composite restorations – A clinical, laboratory and questionnaire study”

Plast fylt med keramiske partiklar er no det vanlegaste materialet til tannfyllingar. Slike plast-keram komposittar har lenge vore nytta i odontologien, men då helst til mindre fyllingar som ikkje var utsett for kraftig tyggetrykk. I dei siste tiåra har betra mekaniske, kliniske og estetiske eigenskapar gjort at dei er meir aktuelle, sjølv til store fyllingar i jekslane. Ei praktisk/klinisk problemstilling som har oppstått i samband med dette er om ein skal velje plastmaterial framfor dei tradisjonelt meir holdbare, men dyrare, alternativa som til dømes fyllingar laga av gull eller porselen, eller kroner.

I denne avhandlinga har den kliniske kvaliteten til store plastfyllingar blitt studert i ein klinisk oppfølgjingsstudie over tre år og i ein laboratoriestudie der munntilhøve vart simulert. I den kliniske studien blei det også kartlagt pasient- og tann-relaterte faktorar, slik som kjønn, risiko for karies, fyllingsstorleik, og om det var tannemalje rundt fyllinga. I tillegg blei det undersøkt i ei spørreundersøking i kva grad plast vart nytta til fyllingsterapi, og kva syn tannlegar hadde på denne teknikken.

Resultata viste at plast er mykje nytta av norske tannlegar, også som fyllingsmateriale i tyggebelasta tenner, og at dei nyttar plast til større fyllingar enn før. Den kliniske studien viste at kvaliteten på store plastfyllingar er akseptabel i tidsperioden på tre år. Data for ulike kliniske vurderingskriterier er like god som ved amalgam, men noko dårlegare enn meir omfattande og dyrare fyllingsteknikkar som til dømes kroner. Laboratorie-testing viste at det var viktig å ha tilgjengeleg emalje som fyllinga kan feste seg til, men dette hadde ikkje tydelig effekt i den kliniske studien. Menn hadde ein større tendens til å knekke fyllingane enn kvinner, ellers var det liten samanheng mellom pasient-relaterte faktorar og kvaliteten på fyllingane. Tre år er ein relativt kort observasjonsperiode, og fyllingane vil bli fylgd vidare.

Personalia:
Torgils Lægreid, fødd 1972, er frå Odda og tok odontologisk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1997. Han har arbeidd i 50% stilling som ph.d.-stipendiat ved Det odontologiske fakultet/Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB, i perioden frå 2004 til 2011. Ph.d.-arbeidet er utført ved Seksjon for kariologi og Seksjon for odontologiske biomaterialer. Han arbeider no som instruktørtannlege ved Odontologisk klinikk, UiB, og som privatpraktiserande tannlege i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
01.12.2011, kl. 09.15. Oppgitt emne: Bruk av emalje -og dentinbinding ved fyllingsterapi
Stad: Auditorium 1, Årstadveien 17

Tid og stad for disputasen:
01.12.2011, kl. 13.15, Auditorium 1, Årstadveien 17

Kontaktpersonar:
Torgils Lægreid, tlf: 55586276, epost: torgils.lagreid@iko.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side