Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Islamsk velferd i Palestina

Lars Gunnar Lundblad   

Lars Gunnar Lundblad disputerer fredag, 8. april for ph.d-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Islamic Welfare, Meanings and Practices: Processes of Institutionalization and Politicization of the zakat Principle in Palestine”

Zakat står for almissa eller velferdsbidraget, også kalla den tredje søyla i Islam. Ved å betala zakat med 2,5 prosent av formuen ein gong i året vert både den truande og det han eig reinsa. Endå zakat har vorte institusjonalisert over ein lang periode, er zakat i seinare tid styrkt som religiøst-etisk prinsipp.

Det vantar sosiologisk kunnskap om islamske velferdspraksisar. Avhandlinga freistar å betra på dette og bidra til interkulturell samtale om slike spørsmål. Gjennom utvalde case på Vestbreidda og i Israel fokuserer avhandlinga på utviklinga av zakatkomiteane, velferdstiltaka deira og forholdet deira til andre velferdsorganisasjonar og det avgrensa palestinske heimestyret (PA) fram til 2007. Sosial støtte med særleg fokus på foreldrelause, medisinske tenester og utdanning har vore viktige element i zakatkomiteane si tenesteyting.

Fellestrekk ved komiteane er deira basis i lokalsamfunn og forsamlingar og eit leiarsjikt med høg grad av moralsk, religiøs og økonomisk integritet. Komiteane har inga overordna union på nasjonalt nivå. Lundblad drøftar dei ideologiske skilnadene mellom sekulære og religiøse velferdsytarar i Palestina og kva konsekvensar desse skilnadene har for samarbeid på ulike nivå. Lundblad stiller spørsmål ved det tradisjonelle skilje mellom velgjerd og sosialpolitikk når det vert freista brukt på ikkje-vestlege samanhengar.

Lundblad hevdar at den institusjonelle veksten av zakat i Palestina har endra det kollektive medvitet om zakat som velferdsaktør og samfunnsbyggjar. Avhandlinga konkluderer med at palestinske islamske velferdsinstitusjonar, i Vesten nesten berre er kjende som Hamas sitt sosiale arbeid, er karakteriserte av ei blanding av transkulturelle idear, profesjonalitet og tradisjonelle sosiale strukturar. Politiseringa av desse velferdsorganisasjonane er sterkt knytt til den israelske okkupasjonen og den amerikanske ”krigen mot terror”.

Personalia:
Lars Gunnar Lundblad (1948) er lektor ved Øystese gymnas. Cand. Polit. UiB 2001. Stipendiat ved Sosiologisk institutt UiB knytt til det tverrfaglege forskingsprogrammet ”Global Moments in the Levant - Towards an Understanding of a Contact Zone between Peoples, Cultures and and States, ” 2005-2008.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
07.04.2011, kl. 15:15. Oppgitt emne: "On the relation between the political sphere and civil society in the practices of the zakat principle in Palestine"
Sted: Lite Auditorium i Lauritz Meltzers Hus, Fosswinckels gate 6, 5007 Bergen

Tidspunkt og sted for disputasen:
08.04.2011, kl. 10:15, Lite Auditorium i Lauritz Meltzers Hus, Fosswinckels gate 6, 5007 Bergen

Kontaktpersoner:
Lars Gunnar Lundblad, tlf.: 90927945Lars.lundblad@sos.uib.no , epost: Lars.lundblad@sos.uib.no
Mediekontakt Gudrun Sylte, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: gudrun.sylte@uib.no

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for samfunnsvitenskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side