Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kulturfilosofi i vår tid - meining, fornuft og fridom

Ingmar Meland   

Den 9. desember 2011 forsvarer førsteamanuensis Ingmar Meland sitt doktorgradsarbeid Meaning, Reason and Freedom: An Inquiry into the Philosophical Motives for the Rehabilitation of Ernst Cassirer’s Philosophy for Ph.D.-graden ved Universitetet i Bergen. Arbeidet er levert ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. Emnet for arbeidet er idéhistorisk og filosofisk.

Avhandlinga som skal forsvarast tar utgangspunkt i den fornya interessa for Ernst Cassirers filosofi som kan sporast frå midten av 1980-talet, og stiller eit dobbeltspørsmål: Kvifor vart denne filosofien marginalisert i den filosofiske diskursen etter 2. verdskrigen, og kvifor blir den no forsøkt rehabilitert?

Med dette utgangspunktet undersøkjer avhandlinga dei filosofiske motiva for det som i nyare filosofisk og idéhistorisk faglitteratur gjerne blir omtala som ein Cassirer-renessanse. Sentralt i avhandlinga står analysen av eit berømt filosofisk møte mellom Ernst Cassirer og Martin Heidegger i Davos i 1929. Dette møtet står fram som avgjerande for både marginaliseringa og rehabiliteringa av Ernst Cassirers filosofi, og blir i avhandlinga analysert og tolka som eit symbol i etterkrigstidas filosofiske diskurs, dvs. som eit symbolsk fortettingspunkt eller kompleks, der det er forholdet mellom filosofi og politikk som står på spel: Det dreier seg om den tiltrua og det håpet filosofar og andre har til at filosofien evner å ikkje berre forstå verda, men også å endre den til det betre, slik at filosofien står fram som ei frigjerande kraft og ein fridomens reiskap og faneberar.

Personalia:
Ingmar Meland (1966) er fødd på Tysnes, sør for Bergen, og er busett i Oslo. Han har hovudfag i filosofi frå Universitetet i Bergen (1993), og vikarierte frå 1994 til 2001 i forskjellige stillingar på Filosofisk institutt og Etno-folkloristisk institutt/Institutt for kulturstudier og kunsthistorie, UiB. Frå 2002 til 2005 var han universitetsstipendiat ved det nemnde Institutt for kulturstudier og kunsthistorie, seksjon for kulturvitskap. Frå 2006 til 2010 var han vikar på Institutt for kultur- og humanistiske fag ved Høgskolen i Telemark, kor han p.t. vikarierer som førsteamanuensis i tverrfaglege kulturstudiar. Under arbeidet med avhandlinga har Meland hatt to rettleiar, Knut Venneslan frå Filosofisk institutt, UiB, og Hans-Jakob Ågotnes frå Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB.

Tid og stad for prøveforelesinga:
08.12.2011, kl. 16.30. Oppgitt emne: Ernst Cassirers kritikk av Martin Heidegger i The Myth of the State, sett i lys av Davosdisputten i 1929
Stad: Auditorium A på Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Tid og stad for disputasen:
09.12.2011, kl. 09.30, Auditorium A på Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Kontaktpersonar:
Ingmar Meland, epost: ingmar.meland@hit.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side