Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Ny global modell for HIV-testing under sterk kritikk

Mercy Karimi Njeru   

Mercy Karimi Njeru disputerer fredag 17. Juni 2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “HIV testing services in Kenya, Tanzania and Zambia: Determinants, experiences and responsiveness”.

Afrika sør for Sahara er regionen som opplever dei aller alvorlegaste HIV/AIDS-epidemiane, og i sørlege Afrika er viruset den viktigaste årsaka til dødsfall. Eit system for HIV-rådgjeving og testing blei tidleg utvikla og var ein avgjerande inngangsport til både førebygging, behandling og omsorg. Dette systemet var tilbodsbasert og bygd på retten til informert samtykke, på rådgjeving som er konfidensiell og som har eit HIV-førebyggande fokus. Men det var låg søking til desse tenestene, og når tilgangen til behandling av HIV betra seg førte dette til forslag om endringar av systemet for å nå fleire. Det nye systemet fører til at ein legg mindre vekt på informert samtykke og førebygging. Denne prinsipielt radikale omlegginga hadde ikkje vore utprøvd, og er i liten grad følgt opp med forsking på gjennomføring og på folk sine eigne erfaringar.

Funna i ph.d.-prosjektet til Mercy Njeru tyder på at det nye testesystemet er eit tilbakesteg. For det første blei testing av HIV oppfatta som pålagd fordi informert samtykke ikkje blei tilstrekkeleg ivaretatt. Dinest blei HIV-førebyggande rådgjeving tona ned eller borte, dvs. at ein potensielt vesentleg arena for førebygging gjekk tapt. Arenaene der testinga foretas medfører vidare at børa av å få vite at ein er HIV-smitta i stor grad blir lagt på kvinnene. Avhandlinga omfatta også ei omfattande utprøving av eit WHO utforma instrument for evaluering av helsetenester, og denne demonstrerte kor viktig forståinga av den lokale konteksten er i slike evalueringar.

Arbeidet er basert på data frå tre afrikanske land (Kenya, Tanzania og Zambia) som ein del av eit EU-finasiert prosjekt; “Response to Accountable priority setting for Trust in health systems (REACT)”.

Personalia:
Mercy Karimi Njeru blei fødd i Kenya i 1975. Ho har ein bachelorgrad i Foods and Nutrition ved University of Eastern Africa in Kenya (1998), og Master of International Health frå Griffith University i Australia (2000). Ho er tilsett som forskar ved Kenya Medical Research Institute, og har vore ph.d.-kandidat ved Senter for internasjonal helse ved Universitetet i Bergen under rettleiing av professor Knut Fylkesnes.

Tid og stad for prøveforelesinga:
17.06.2011, kl. 09.15. Oppgitt emne: Advantages and challenges of the new (opt-out) method of HIV counselling and testing
Stad: Birkhaugsalen, D-303. Haukeland Universitetssjukehus

Tid og stad for disputasen:
17.06.2011, kl. 11.15, Birkhaugsalen, D-303. Haukeland Universitetssjukehus

Kontaktpersonar:
Mercy Karimi Njeru, epost: Mercy.Njeru@cih.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side