Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Omega 3 feittsyrer påverkar effekt av miljøgift

Ole Jakob Nøstbakken   

Ole Jakob Nøstbakken disputerer mandag 19. desember for ph.d- graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Interactions between marine n-3 fatty acids and methylmercury, in Atlantic salmon (Salmo salar)”.

Fisk inneheld mange næringstoff som kan fremja god helse, men fisk kan også innehalde miljøgift. Debatten kring fisk som anten helsebringande sunn kost, eller potensiell farleg giftkjelde, dreier seg ofte om mengda inntak av miljøgift både hjå fisken, og deretter i konsumenten. Men det er ikkje nødvendigvis slik at næringsstoff og miljøgift har kvar sin spesifikke effekt, derimot har samspelet mellom desse to, og korleis dei påverkar kvarandre fått aukande merksemd i vitskapleg litteratur.

Miljøgifta metylkvikksølv er ein særskilt toksisk variant av kvikksølv. Nøstbakken har undersøkt korleis dei marine omega 3 feittsyrene, DHA og EPA, kan påverke verknaden av metylkvikksølv i cellekultur. Når programmert celledød (apoptose) vart målt etter eksponering for metylkvikksølv, synte det seg at feittsyra DHA auka, medan EPA reduserte celledød som følgje av metylkvikksølv. Vidare undersøkingar av molekylære mekanismar synte at effekten av DHA truleg har samanheng med auke i oksidativt stress, medan EPA sannsynleg beskyttar cellene gjennom effektar på kalsiumreguleringa i cellene. Også fleire interaksjonar mellom næringsstoff og metylkvikksølv vart observert i studien.

Nøstbakken sine resultat kan vere med på å auke merksemda rundt interaksjonar mellom næringsstoff og miljøgift. I tillegg legg studien eit grunnlag for betre evalueringar av samspelet mellom miljøgift og næringsstoff i fisk, og korleis dette kan påverke mattryggleik.

Personalia:
Ole Jakob Nøstbakken vart fødd i 1981 på Bømlo. Han fekk sin BSc. i bioingeniørfag frå Høgskolen i Bergen (2005), og MSc. i molekylærbiologi frå Universitet i Bergen (2007). Arbeidet som resulterte i ph.d.-graden har vorte utført ved NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning) (2008-2011) og Molekylærbiologisk institutt, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
05.12.2011, kl. 10.15. Oppgitt emne: «Links between oxidative stress and mitochondrial metabolite chemistry»
Stad: : Rom 439C1, Høyteknologisenteret, Thormøhlensgate 55

Tid og stad for disputasen:
19.12.2011, kl. 9.15, Nordnesboder 4, 4 etg (Sildetønnen), NIFES

Kontaktpersonar:
Ole Jakob Nøstbakken, epost: ono@nifes.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side