Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Omdømmehandtering i sjukehusa

Hogne Lerøy Sataøen   

Hogne Lerøy Sataøen disputerer fredag 09.12.2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Frå folkeopplysning til omdømmehandtering? Om institusjonalisering og profesjonalisering av informasjons- og kommunikasjonsarbeid i norske sjukehus.”

Temaet i avhandlinga er kommunikasjonspraksisar i norske sjukehus. Særleg blir det fokusert på sjukehuset som omdømmehandterande organisasjon. Omdømmehandtering er vurdert å vere ein av dei viktigaste organisasjonstrendane i samtida og forsking viser at sjukehusa i Noreg har blitt merksame på å pleie og byggje omdømmet og ryktet sitt. Men korleis arbeider sjukehusa for å bli omdømmehandterande? Kva oppgåver løyser informasjonsavdelingane, og kva rolle spelar dette for sjukehuset som organisasjon?

Avhandlinga byggjer på intervju- og observasjonsdata. Avhandlinga analyserer dei prosessane avdelingane er inne i under perioden der sjukehusa har vore gjenstand for ny tenking om leiing, kommunikasjon og omdømme. Temaet spring ut av ei interesse for dei store reformprosessane i sjukehussektoren og korleis sjukehusa gjennom dette blir prega av nye organisasjonstrendar.

Eit viktig bidrag i avhandlinga er understrekinga av det fleirdimensjonale i informasjonsarbeidet. Dette arbeidet har fram til no i liten grad vore gjenstand for empiriske studiar og avhandlinga bidreg til forskingslitteraturen om omdømme spesielt gjennom eit aktørperspektiv. Teoriar om omdømmehandtering promoterer nytten av å drive strategisk kommunikasjon. I dette ligg det spissing av organisatoriske profilar, fokus på eintydig kommunikasjon til omgjevnader og eit krav om at organisasjonsmedlemmer skal snakke ”med ei stemme.” Avhandlinga viser at desse måla ikkje står sentralt i informasjonsavdelingane til sjukehusa. Her er det viktigare å kunne framstå med trygge tenester til pasientar. Idealet er ikkje å profilere seg som framifrå fordi dette kan gå på kostnad av andre helseføretak i ”sjukehusfamilien.” I strid med teoriar om omdømmehandtering finn avhandlinga ei orientering mot strategisk konformitet heller enn mot strategisk kommunikasjon. Avhandlinga konkluderer difor med at verdiar i, og den organisatoriske innramminga av, informasjonsarbeidet dempar og mjukar opp trekk ved teoriar og idear om omdømme.

Personalia:
Hogne Lerøy Sataøen er fødd i 1979 og oppvaksen i Sogndal. Han har mastergrad i sosiologi frå Universitetet i Bergen i 2005. Frå 2005 til 2008 var han forskingsassistent og forskar ved stiftinga Vestlandsforsking. Frå 2008 var han doktorgradsstipendiat tilknytt Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen og UNI Rokkansenteret. Han arbeider no ved UNI Rokkansenteret.

Tid og stad for prøveforelesinga:
08.12.2011, kl. 15.15. Oppgitt emne: Teoriutvikling gjennom "institusjonell etnografi" - muligheter og grenser.
Stad: Auditoriet i Ulrike Pihls hus, Prof. Keysers gt. 1

Tid og stad for disputasen:
09.12.2011, kl. 10.15, Auditoriet i Ulrike Pihls hus, Prof. Keysers gt. 1

Kontaktpersonar:
Hogne Lerøy Sataøen, tlf. 938 07401, epost: hogne.sataoen@uni.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.