Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Livet etter underlivskreft

Ragnhild Johanne Tveit Sekse   

Ragnhild Johanne Tveit Sekse disputerer tysdag 22. november 2011 for ph.d-graden ved Universitet i Bergen med avhandlinga:

”Livet etter underlivskreft. Kvinner sine erfaringar fem og seks år etter behandling for kreftsjukdom.”

Avhandlinga tek for seg korleis det kan opplevast for kvinner å få underlivskreft og korleis desse erfaringane verkar inn på livet i eit langtidsperspektiv. Forskingsmaterialet er djupintervju med kvinner fem og seks år etter at dei blei behandla for underlivskreft.

Kvinnene sine erfaringar viser at kreftsjukdomen var ein livsendrande prosess som på ulike måtar førte til djuptgripande endringar i livet. Kroppslege endringar, som òg hadde relasjonelle og eksistensielle aspekt, var framleis utfordrande å leva med fem og seks år etter behandling. At endringane mellom anna var knytt til sårbare og intime tema, gjorde dei ekstra vanskelege å koma til rette med. Samstundes hadde kreftsjukdomen henta fram ei djup takksemd for livet og revitalisert verdiar hjå mange av kvinnene. I tre typologiar viser studien variasjonar i forhold til korleis kvinnene møtte og levde seg gjennom krefterfaringane. Studien har gitt kunnskap om korleis kreftsjukdom kan endra livet på måtar som både er vanskelege og berikande for livet vidare.

Resultata frå studien gir innsikt som kan brukast til å betra informasjon og vegleiing til kvinner som blir behandla for underlivskreft. Kvinnene kan slik bli betre i stand til å møta kroppslege endringar og mulege konsekvensar på lengre sikt, som til dømes endringar for seksuallivet. Studien viser òg at ein bør styrka den heilskaplege oppfølginga ved mellom anna å skapa rom og tid for samtale.

Personalia:
Ragnhild Johanne Tveit Sekse (f. 1966) vaks opp i Sveio i Hordaland og er i dag busett i Bergen. Ho er utdanna sjukepleiar ved Haraldsplass diakonale høgskole (1989) og fullførte cand polit graden ved Universitetet i Bergen i 2003. Ho har m.a. arbeidd som sjukepleiar ved Haraldsplass diakonale sykehus (1989-1995) og som høgskulelærar ved Haraldsplass diakonale høgskole (1998-2000). Sidan 2005 har Sekse vore tilsett som forskingssjukepleiar på gynekologisk avdeling, KK, Haukeland Universitetssjukehus. Doktorgradsarbeidet har vore utført under vegleiing av prof. Eva Gjengedal, prof. Målfrid Råheim og førsteamanuensis Gunnhild Blåka.

Tid og stad for prøveforelesinga:
22.11.2011, kl. 9.15. Oppgitt emne: Sjenanse og verdighet. Hva kan helsepersonell gjøre for kvinner som får seksuelle problemer etter kreftsykdom?
Stad: Stort auditorium, Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad for disputasen:
22.11.2011, kl. 10.30, Stort auditorium, Haukeland Universitetssjukehus.

Kontaktpersonar:
Ragnhild Johanne Tveit Sekse, tlf. 932 64599, epost: ragnhild.johanne.sekse@helse-bergen.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.