Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Proteinoppsamling som årsak til diabetes

Janniche Torsvik   

Janniche Torsvik disputerer 1. april 2011 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Pancreatic exocrine dysfunction and diabetes: Molecular and functional studies of the carboxyl-ester lipase gene”.

Bukspyttkjertelen er eit organ med fleire funksjonar. Kjertelen produserer fordøyelsesenzym som bryt ned mat i tarmen, og hormon, blant anna insulin, som vert skilt ut til blodet og regulerer blodsukkernivået. Forstyrringar i insulinutskillinga kan føre til diabetes.

Tidlegare har ein trudd at arveleg diabetes berre skuldast i mutasjonar i genar som regulerer dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen. Men i 2006 fann Bergen Diabetesforskningsgruppe at mutasjonar i genet karboksyl-ester lipase (CEL), som regulerer fordøyelsesfunksjonen, fører til både mageplager og diabetes. Årsaka til at pasientane får diabetes har ikkje vore kjend.

Janniche Torsvik har i arbeidet sitt vist at CEL-genet sin struktur varierer mykje i befolkninga, men at mutasjonar i genet er ein sjeldan årsak til arveleg diabetes. Ved å studere både det normale og det muterte CEL-proteinet i cellekulturar vart det funne at det øydelagde proteinet har ein tendens til å klumpe seg saman (aggregere), både inni og utanfor cellene. Det vart også funne eit høgare nivå av stress i cellene som produserte det muterte proteinet enn i celler som produserte den normale varianten.

Torsvik fann, ved å nytte ulike mikroskopiske teknikkar, at CEL-mutasjonen førte til ei endra lokalisering av proteinet inne i cellene, og at det muterte proteinet truleg vert brote ned i ein prosess kalla autofagi. Årsaka til utviklinga av sjukdom hjå pasientane med mutasjonar i CEL-genet kan difor vere auka cellestress på grunn av proteinaggregering. Dette kan føre til celledød og påfølgjande svikt i bukspyttkjertelen sine funksjonar.

Personalia:
Janniche Torsvik (f. 1976) er fødd og oppvaksen i Øygarden. Ho har utdanning som bioingeniør frå Høgskulen i Sør-Trøndelag frå 1999 og tok mastergradseksamen i molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen i 2005. I 2006 fekk ho doktorgradsstipend frå Universitetet i Bergen og starta som stipendiat ved Seksjon for pediatri, Institutt for klinisk medisin under rettleiing av professor Pål R. Njølstad, professor Anders Molven og forskar Stefan Johansson. Avhandlinga utgår frå Institutt for klinisk medisin og Gades institutt.

Tid og stad for prøveforelesinga:
31.03.2011, kl. 14:15. Oppgitt emne: Genetic causes of diabetes
Stad: Auditorium 1, Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91

Tid og stad for disputasen:
01.04.2011, kl. 10:15, Auditorium 1, Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91

Kontaktpersonar:
Janniche Torsvik, mobil: 402 30 312. , epost: janniche.torsvik@med.uib.no
Mediekontakt Gudrun Sylte, tlf. 55 58 91 70 (a), epost: gudrun.sylte@uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side