Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Jobbengasjement blant sjukepleiarar og jordmødre i Uganda

Pauline Bakibinga   

Pauline Bakibinga disputerer tysdag 27. november 2012 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“The experience of job engagement and self-care among Ugandan nurses and midwives”.

Studien skildrar opplevingar av jobbengasjement og eigenomsorg blant ugandiske sjukepleiarar som trivst i arbeidet trass utfordrande arbeidstilhøve. Studien fann at i møte med motgang var jobbengasjement ein prosess som var grunna i eit kall til profesjonen. Meininga som dei praktiserande sjukepleiarane knyt til arbeidet sitt fremjar ei eigen kjensle av entusiasme og vitalitet medan dei er på arbeid. Sjølv i situasjonar der val av profesjon var diktert av tilhøve utanfor individet sin kontroll, viste studien at praktiserande sjukepleiarar kan oppleve jobbengasjement under vanskelege arbeidstilhøve dersom deira personlege verdiar samsvarar med verdiar i sjukepleieprofesjonen. Ein sjølvtilpassande prosess (self-tuning) som involverer regelmessig introspeksjon, sensitivitet for, og refleksjon kring eigne tilhøve la til rette for trivsel, særleg når jobbengasjement var trua. I møte med utfordringar i jobben som trua jobbengasjementet til sjukepleiarane, førte den sjølvtilpassande prosessen til aktiv handtering på ein eller fleire måtar, inkludert gjennom personleg tru på Gud.

Funn frå denne studien indikerer at sjukepleiarar bør bli oppmuntra til regelmessig introspeksjon og refleksjon kring tilfredsstillinga dei får av arbeidet sitt. Dette for å mogleggjere at dei oppnår eit høgt nivå av jobbengasjement, trass i vanskar som oppstår i sjukepleieyrket. Arbeidsgjevarar eller leiarar må jobbe for å skape gode arbeidsmiljø som fremjar jobbengasjement ved å sikre at alle sjukepleiarar har naudsynte ressursar tilgjengeleg, som arbeidsutstyr og sosial støtte, noko som gjer at dei trivst i arbeidet og på arbeidsplassen. Studien støttar tidlegare forsking gjort i Noreg som viser at sjølvtilpassing (self-tuning) er ein dugleik som kan lærast, og som er viktig for å hjelpe sjukepleiarar med å handtere jobbrelaterte utfordringar. Utviklinga av denne dugleiken bør bli vektlagt både i sjukepleieutdanninga og på arbeidsplassen.

Personalia:
Pauline Bakibinga (f. 1978) er frå Uganda. Ho er utdanna lege og har vore tilknytt HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen sidan 2008 gjennom stipend frå Statens Lånekasse sitt kvoteprogram.

Tid og stad for prøveforelesinga:
27.11.2012, kl. 09.15. Oppgitt emne: “Theories of job engagement and the applicability on Ugandan nurses and midwives - Theoretical validity”.
Stad: Auditorium 130, Christiesgate 12, 1. etg.

Tid og stad for disputasen:
27.11.2012, kl. 10.30, Auditorium 130, Christiesgate 12, 1. etg.

Kontaktpersonar:
Pauline Bakibinga, tlf. 966 80848, epost: Pauline.Bakibinga@psych.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for psykologi, utdanning og helse. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side