Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Økonomiske aspekt ved fremjing av fullamming i Afrika sør for Sahara

Lumbwe Chola   

Lumbwe Chola disputerer 1 juni 2012 for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«The economics of promoting exclusive breastfeeding in sub-Saharan Africa».

Avhandlinga er basert på fire artiklar som til saman utgjer ei økonomisk evaluering. Evalueringa set søkelyset på kor viktig det er å prioritere i helsetenestene i Afrika sør for Sahara, der millionar av barn kvart år dør av sjukdommar som kan førebyggast, som diaré og lungebetennelse. Fullamming kan redusere sjukdom og dødelighet som skuldast spebarnsdiaré. Likevel er omfanget av fullamming suboptimalt i mange land.

Avhandlinga viser at ein av hovudgrunnane for at nivået av fullamming er lågt er at spebarn graviterer mellom ulike ernæringsmønster, spesielt i løpet av dei første levemånadane. Det er ei difor ei hovudutfordring å fremje fullamming i Afrika sør for Sahara.

Denne avhandlinga viser at substansielle ressursar er naudsynte for å fremje fullamming i afrikanske land. Eit tiltak for å fremje fullamming med hjelp av ufaglærte ammehjelper vil koste om lag 140 amerikanske dollar per barn per år. Dette er høgt samanlikna med kostnadene ved det eksisterande programmet for mor-barn helse. Avhandlinga viser likevel at ammehjelp sannsynlegvis er eit meir effektivt tiltak for å fremje fullamming enn det eksisterande mor-barn programmet, og muligens også i å redusere spebarnsdiaré. Dagens mor-barn program kan vere utilstrekkelege for å oppnå målsetjingane, og bør difor revurderast.

Personalia:
Lumbwe Chola er fødd i 1978 og fekk bachelorgrad i økonomi ved Universitetet i Zambia i 2002. Han har seinare studert ved Senter for Internasjonal Helse ved Universitetet i Bergen, og fekk mastergrad i 2007. Lumbwe har arbeidd som statistikar ved det zambiske statistiske sentralbyrået, og har undervist i helseøkonomi og epidemiologi ved Universitetet i Zambia.

Tid og stad for prøveforelesinga:
01.06.2012, kl. 10.15. Oppgitt emne: "Cost-effectiveness of nutrition interventions in preschool children"
Stad: Auditorium 1, BB bygget, Jonas Lies vei 91, Bergen

Tid og stad for disputasen:
01.06.2012, kl. 12.15, Auditorium 1, BB bygget, Jonas Lies vei 91, Bergen

Kontaktpersonar:
Lumbwe Chola, epost: Lumbwe.Chola@cih.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side