Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

På jakt etter sårbarheitsgen for alvorlege sinnslidingar

Ersland Kari Merete   

Kari M. Ersland disputerer torsdag 14. juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Identification and characterisation of regionally enriched cortex genes in the rat brain”

Schizofreni og bipolar sjukdom er alvorlege sinnslidingar som kvar råkar om lag ein prosent av befolkninga. Sjukdommane er arvelege, og fører til svekka livskvalitet for den sjuke. Mykje er framleis ukjent, men ein veit mellom anna at endringar i spesifikke område av hjernebarken (cortex) har samanheng med desse sjukdommane. Hjernebarken er eit svært komplekst område i hjernen, som er knytt til personlegdom, og har ansvar for tolking av sanseinntrykk, medviten kontroll av rørsler, og såkalla kognitive eigenskapar. Pasientar med alvorlege sinnslidingar har ofte symptom som kan vere knytt til endra funksjon i deler av hjernebarken, til dømes hørselshallusinasjonar og svekka kognitive eigenskapar.

Årsakene til at einskildmenneske vert råka av alvorlege sinnslidingar er ikkje avklarte, men DNA-variantar i opp til fleire tusen gen kan vere medverkande. Trass i at ein i mange tiår har arbeidd med å identifisere slike variantar, har ein så langt ikkje noko klart bilete av alle gen som er involvert.

I doktorgradsarbeidet har Ersland identifisert gen som kan vere viktige for funksjonane til hjernebarken. Gen som er spesifikt uttrykt i eit gitt område av hjernen, kan reflektere funksjonen til regionen. Ersland har analysert genaktiviteten i tre funksjonelt ulike delar av hjernebarken frå rotte. I menneske har tilsvarande område vore knytt til schizofreni og bipolar sjukdom. Genuttrykket var svært likt mellom dei tre områda, men ein fann likevel eit fåtal gen med anrika uttrykksmønster i spesifikke områder, og det synte seg at desse gena var involverte i signaloverføring og utvikling i hjernebarken. Ersland undersøkte og om desse gena var knytt til alvorlege sinnslidingar eller normal kognisjon i menneske, og fann at dei spesifikt uttrykte cortexgena truleg ikkje er involvert i sårbarheit for sjukdom, men at gen som er særskilt aktive i tinningområdet av cortex er knytt til evna ein har til å resonnere. I tillegg fann ho teikn på at eit av gena, som har hittil ukjend funksjon, kan vere viktig for handsaming av sanseintrykk.

Personalia:
Kari Merete Ersland er fødd i 1979 og oppvaksen i Uskedalen, Kvinnherad. Ho er utdanna cand.scient. i molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen. Forskingsarbeidet er utført i Dr. Einar Martens forskingsgruppe for biologisk psykiatri ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin, Institutt for klinisk medisin, Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB, med professor Vidar M. Steen som hovudrettleiar. Arbeidet har vore finansiert av UiB, Helse Vest RHF, Noregs Forskingsråd og Dr. Einar Martens fond.

Tid og stad for prøveforelesinga:
14.06.2012, kl. 9.15. Oppgitt emne: ”Benefits and limitations of using animal models for psychiatric disorders”
Stad: Auditoriet, Barneklinikken, Haukeland universitetssjukehus.

Tid og stad for disputasen:
14.06.2012, kl. 11, Auditoriet, Barneklinikken, Haukeland universitetssjukehus.

Kontaktpersonar:
Kari M. Ersland, epost: kari.ersland@med.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side