Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

For eksempel!

Sissel Høisæter   

Sissel Høisæter disputerer fredag 14. september for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Eksempelet og kunnskapens orden. Ein analyse av eksempel i munnlege og skriftlege didaktiske tekstar».

Eksempel er i dagleg bruk både i og utanfor klasserom. Det å vise til eit eksempel kan vera ein måte å forklara eit fenomen på, eller ein måte å dra i tvil ei fastlagt oppfatning på. Trass i at språklege eksempel er i bruk i alle fag, har dei fått lita merksemd både i studiar av språk og didaktikk.

Høisæters arbeid dreier seg om eksempel brukt i ulike fag i skulen. I alle fag er det eit mål å sjå samanhengar mellom fenomen i verda og dei teoriane og omgrepa som faga organiserer kunnskap med. Slike samanhengar kan i undervisning skapast på ulike måtar, ein av dei er å gi språklege eksempel på teoriar eller omgrep.

Høisæter har samla inn eksempel som har vore brukt i undervisning, både munnlege eksempel frå klasserom og skriftlege eksempel brukt i lærebøker frå opplysningstida og moderne tid. Desse dannar ei eksempelsamling som er den sentrale basen i Høisæter sin tekststudie. Dei innsamla eksempla har narrativ form, dei er eksempelforteljingar.

Det er bruken som gjer at ei forteljing vert oppfatta som eit eksempel. Høisæter føreslår i arbeidet sitt ein modell for korleis eksempel fungerer, og ei inndeling av eksempel i tre ulike typar. Dei tre typane kallar ho synekdokiske eksempel, eksempel om slikt som har skjedd i fortida, normative paradigme, eksempel som gir råd om korleis ein bør handla i framtida, og deskriptive paradigme, eksempel som illustrerer eit eller anna fenomen. Typologien og modellen er deretter utgangspunkt for ei rekkje analysar av enkelteksempel som demonstrerer korleis eksempel fungerer i ulike faglege samanhengar, og som peikar mot at eksempla har ulike vilkår i dei ulike kjeldene dei er henta frå.

Eksempelstudien med forslag til typologi vil seinare kunna vera eit utgangspunkt for å studera korleis eksempel blir brukt i faktiske undervisningssituasjonar, studien vil også kunna ha relevans i forhold til arbeid med kva som kjenneteiknar ulike typar fagspråk, eit spørsmål som er aktualisert gjennom arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter i fag.

Personalia:
Sissel Høisæter er fødd i 1958, og er frå Bømlo i Hordaland. Ho har hovudfag i Nordisk frå 1987, og har sidan då arbeidd som høgskulelektor i norsk ved Høgskulen Stord/Haugesund. Hennar hovudinteresser er retorikk, munnleg norsk og sakprosa. Ho har vore doktorgradstipendiat ved Høgskulen Stord/Haugesund, og er tatt opp på ph.d.-studiet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
13.09.2012, kl. 16.30. Oppgitt emne: "Kva kan ulike didaktiske teoriar bidra med i vår forståing av sambandet mellom tekst, kunnskap og læring?"
Stad: Auditorium B på Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Tid og stad for disputasen:
14.09.2012, kl. 09.30, Auditorium B på Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kontaktpersonar:
Sissel Høisæter, tlf. 53 49 13 12, mob. 926 84719, epost: sissel.hoisaeter@hsh.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side