Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Tilgang til helsetenester for betre barnehelse i Sør-Afrika

Nkonki Lungiswa   

Lungiswa Nkonki disputerer den 16. mai 2012 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Helsesystemutfordringar i Sør Afrika: Effektiv og likeverdig tilgang til helsetenester for å betre spebarnsernæring og redusere mor-barn smitte av HIV».

Avhandlinga set søkelyset på utfordringar når det gjeld å levere effektive og likeverdige tenester for å betre spebarnsernæring og redusere mor-barn smitte av HIV. Avhandlinga er basert på fire studier, der to av dei gjeld eit program for å forhindre at HIV infiserte mødre smitter barna sine (PMTCT). Dei to andre gjeld eit prosjekt for å fremje fullamming av spebarn (PROMISE).

Kvinnene som var med i PMTCT -programmet blei rekruttert frå helsestasjonar. Nesten ein fjerdedel av dei HIV positive kvinnene hadde gått glipp av behandlinga på grunn av svikt i helsetenestene. Sjølv om behandlinga er svært enkel, og består av ein enkelt dose Nevirapine til mor og barn, fall den gjennom sprekkene i ei svak helseteneste, med låg behandlingsdekning som resultat. Kvinner som bruker offentlege helsetenester er jamnt over fattige. Studien avdekka sosioøkonomiske skilnader i bruken av helsetenestene. Barn frå dei minst fattige hushalda hadde høgare vaksinedekning enn barn frå dei fattigaste hushalda. Dei fattigaste hushalda hadde i tillegg høgare barnedødelighet og meir HIV smitte.

Fullamming er viktig for barneoverleving, likevel er dekningsgraden låg i Sør Afrika. Eit tiltak med hjelp av ufaglærte ammehjelparar som besøkte kvinnene i heimen blei difor sett igang. Gjennomsnittskostnaden for denne individuelle oppfølgjinga var 137 US$ per gravid kvinne og 32 US$ per besøk. Studien viste også at ufaglærte ammehjelper måtte forhandle om innpass i hushaldet gjennom å demonstrere kompetanse, og å vere profesjonelle og tillitsskapande. Ammehjelpene etterlyste rettleiing om arbeidstilhøva og det faglege innhaldet, og dette illustrerer kor viktig det er å styrke helsetenestene for ei effektiv innføring av tiltaket.

Personalia:
Lungiswa Nkonki har ein mastergrad i offentleg helse og helseøkonomi frå Universitetet i Cape Town, og ein mastergrad i økonomi frå Universitetet i Sussex. Ho arbeider som seniorforskar ved South African Medical Research Council og som forelesar ved Stellenbosh University i Cape Town. Forskningen hennar fokuserer på bruken av ufaglærte helsearbeidarar og på ulikheter i helse.

Tid og stad for prøveforelesinga:
16.05.2012, kl. 9.15. Oppgitt emne: "Deteriorating child health outcomes in SA: context, causes and future strategies"
Stad: Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91.

Tid og stad for disputasen:
16.05.2012, kl. 11.15, Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91.

Kontaktpersonar:
Nkonki Lungiswa, tlf: 55 58 60 37, epost: Lungiswa.Nkonki@isf.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side