Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2012

NY DOKTORGRAD

Kvantitetssystem i nordvestlandsk

Odd Monsson   

Odd Monsson fekk hausten 2012 godkjent graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Kvantitetssystem i nordvestlandsk».

Sjølve tildelinga skjedde posthumt.

Emnet for avhandlinga er den fonologiske kvantiteten i dei nordvestlandske dialektane, dvs. samanhengen mellom vokallengda og den etterfølgjande konsonantismen.

Hovudføremålet er å påvise korleis vokallengda i sekvensar av vokal og ei etterfølgjande konsonantgruppe (V+KK), slik vi finn ho i ord som ’mast’, ’sist’, ’slukt’ osv., er regulert av eigenskapar ved denne konsonantismen. Mønstra for regulering skiftar frå dialektområde til dialektområde. Dialektområdet som ligg til grunn for granskinga, er omtala som nordvestlandsk: Sogn og Fjordane fylke og den sørlege delen av Møre og Romsdal fylke, fogderia Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre.

I beskrivingane av kvantiteten i denne studien er teorien om fonologisk styring lagt til grunn. Styringsfonologien prøver å forklare korleis eigenskapane i ein lyd avgjer kvar lyden kan stå i ei staving, og korleis dei påverkar nabolydane. Dermed kan dei òg verke inn på vokallengda i ordet.

Studien er delt i tre hovuddelar. Den første delen orienterer om den teoretiske forståinga av fonologiske kvantitetsmønster. I del to blir kvantitetsforholda i enkle ’rotord’ analyserte. Dette er ordformer utan tillagde suffiks, dvs. at dei inneheld berre eitt fonologisk domene. Del tre av avhandlinga tek opp vokallengda i avleidde ordformer, dvs. ordformer som har meir enn eitt domene i den fonologiske strukturen. Desse ordformene har fått tillagt eit bøyingssuffiks eller eit avleiingssuffiks til rota, eller dei er samansette av to røter.

Avhandlinga viser klårt skilde tendensar i dialektområda nordom Sognefjorden. Medan dialekten i Sogn har maksimalt med tilfelle av kort vokal framom «dobbel konsonant», som f.eks. i fortidsforma ‘førte’, har Indre Nordfjord og Indre Sunnmøre det svært sjeldan. Sognedialekten har lang vokal nesten berre der denne «doble» konsonantismen har oppstått i eit samansett ord, som f.eks. i ‘avmakt’. Dei andre områda, Sunnfjord, Ytre Nordfjord og Ytre Sunnmøre blir liggjande mellom desse ytterpunkta, og dei har litt skiftande mønster for kva type konsonantar og kva type bøyings- og avleiingsendingar som tillèt lang vokal. Men alle typane og gradane i tendens føyer seg godt inn i det ein kan predikere ut frå modellen som styringsfonologien gir.

Avhandlingsarbeidet er gjort i samarbeid med fagmiljøet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen.

Personalia:
Odd Monsson (1952) var utdanna cand.mag. ved Universitetet i Oslo (1978) og cand.philol. med nordisk hovudfag ved Universitet i Bergen (1992). Monsson var høgskulelektor og seinare førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda, der han har vore tilsett sidan 1993. Monsson var i to periodar instituttleiar ved Ivar Aasen-instituttet, og han var også leiar ved dåverande Nordisk institutt. Han har forfatta ei rekke artiklar i ulike publikasjonar, og han har vore medlem og leiar i ulike utval for utvikling av norskstudiet. Han var leiar for utvalet som i 1999 la fram innstillinga som førte til oppstart av masterstudiet i Nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet.

Odd Monsson gjekk ut or tida 3. desember 2012.

Kontaktpersoner:
Professor Helge Sandøy (Rettleiar), tlf. 55 58 24 05, epost: Helge.Sandoy@lle.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00