Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Molekylære markørar i analkreft og tjukk- og endetarmskreft

Mette Pernille Myklebust   

Mette Pernille Myklebust disputerer måndag 10. desember 2012 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Molecular markers of anal cancer and colorectal cancer.
A study of microRNAs, desmosomal cadherins and cyclin D1 isoforms”.

Ikkje alle kreftpasientar har god effekt av behandlinga dei får, og kor aggressiv kreften er varierer mellom pasientar. Markørar som kan fortelje noko om kor fort svulsten vil vekse og spreie seg, eller om pasienten vil ha nytte av ei gitt behandling, vil difor vere til stor hjelp i kreftomsorga. Dessverre finst det i dag få slike molekylære markørar som er tekne inn i dagleg bruk i kreftbehandlinga for tjukk- og endetarmskreft. Dette er utgangspunktet for doktorgradsarbeidet, der ein har leita etter slike markørar og samstundes prøvd å forstå betre kva som skjer i ei kreftcelle.

I arbeidet sitt har Myklebust undersøkt uttrykking av mikroRNA i analkreft og funne at ein av desse, miR-15b, har samanheng med infeksjon med Humant Papilloma Virus (HPV) som er vanleg i analkreft. Resultata viser at miR-15b truleg verkar ved å hemme signalmolekyl som er viktige for celledelinga i svulsten. Vidare har ein sett på samanbinding av cellene i svulstar, noko ein trur er viktig ved metastering (spreiing). Uttrykkinga av utvalde molekyl som bind cellene saman vart studert og analysert i samanheng med overleving ved analkreft. Resulta viser at låge nivå av proteina desmoglein1 og desmocollin1 er assosiert med betre overleving ved analkreft. Til slutt har kandidaten studert dei to isoformene av cellesyklusproteinet cyclin D1, cyclin D1a og cyclin D1b, som molekylære markørar for overleving og respons på kjemoterapi med 5-fluorouracil/levamisol, gitt i tillegg til kirurgi (adjuvant kjemoterapi) ved tjukktarm- og endetarmskreft. Resultata viser at pasientar med tjukktarmskreft (stadium II og III) der svulsten har høg uttrykking av cyclin D1a-proteinet, har betre effekt av denne kjemoterapibehandlinga enn dei med låg cyclin D1a.

Doktorgradsarbeidet har såleis identifisert fleire kandidatar som molekylære markørar for prognose ved analkreft og ein markør for effekt av 5-fluorouracil adjuvant kjemoterapi ved tjukktarmskreft.

Personalia:
Mette Pernille Myklebust (f. 1977) er oppvaksen i Oldedalen i Stryn kommune. Ho er utdanna bioningeniør og tok vidare mastereksamen i molekylærbiologi ved Universitet i Bergen i 2005. Forskningsarbeidet har vore utført ved Seksjon for onkologi, Institutt for indremedisin, og Mohn Kreftforskningslaboratorium. Arbeidet har vore finansiert av Kreftforeningen. Rettleiarar har vore Olav Dahl og Øystein Fluge.

Tid og stad for prøveforelesinga:
10.12.2012, kl. 10.15. Oppgitt emne: “The role of MicroRNA in cancer development”.
Stad: Auditorium 4, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91 (BBB).

Tid og stad for disputasen:
10.12.2012, kl. 12.15, Auditorium 4, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91 (BBB).

Kontaktpersonar:
Mette Pernille Myklebust, epost: Mette.Myklebust@med.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side