Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Korleis finne struktur i strøymingar

Armin Pobitzer   

Armin Pobitzer disputerer fredag 22. Juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Interactive Visual Analysis of Time-dependent Flows: Physics- and Statistics-based Semantics ”

Strøymingar i gassar og væsker spelar ei viktig rolle i mange daglegdagse situasjonar, som for eksempel for trafikken i lufta eller på havet. Sjølv om gassar og væsker er kontinuerlege i den forstand at dei ikkje inneheld nokon grenser i sjølve ”materialet”, observerer me til daglig at dei inneheld skjulte strukturar som blir synlege i for eksempel kondensstriper og virvlar i strøymingar i tidevatnet.

I si doktorgradsavhandling utviklar Pobitzer nye metodar for å finne og synleggjere skjulte strukturar i data frå strøymingssimuleringar. Ein av utfordringane med slike metodar er at strukturane må ha ein fysikalsk tolking om dei skal vere nyttige for å betre forståinga vår av korleis visse strøymingsmønster oppstår og utviklar seg.
Pobitzer baserar sine metodar på både fysikalske grunnprinsipp og statistisk analyse for å oppnå dette. Dessutan har han jobba med å utvikle algoritmar som tillèt fysikarar og ingeniørar å utforske datasetta sine på ein interaktiv måte.

Kombinasjonen av strukturar med klar fysikalsk betyding og interaktiv analyse har eit stort potensiale til å bidra til ein betre forståing av strøymingsfenomena rundt oss.

Personalia:
Armin Pobitzer er fødd i Meran, Italia, i 1984. Han tok mastergrad i Teknisk Matematikk ved Universitetet i Innsbruck, Østerrike, sommaren 2009 og har sidan vore doktorgradsstipendiat i visualiseringsgruppa ved Institutt for Informatikk ved Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet er utført under rettleiing av Helwig Hauser (Universitetet i Bergen) og Øyvind Andreassen (Forsvarets Forskningsinstitutt).

Tid og stad for prøveforelesinga:
01.06.2012, kl. 11.00. Oppgitt emne: «The Role of Perception in Visualization»
Stad: Seminarrom 3137, 3. etg., Datablokken, Høgteknologisenteret

Tid og stad for disputasen:
22.06.2012, kl. 13.00, Store Auditorium, Høgteknologisenteret (databokk, 2. etasje, rom 2144), Thormøhlensgate 55

Kontaktpersonar:
Armin Pobitzer, tlf: 46 92 07 42, epost: armin.pobitzer@uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side