Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Nye behandlingsalternativ ved akutt myelogen leukemi

Håkon Reikvam   

Håkon Reikvam disputerar fredag 16. mars 2012 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«New therapeutic targets in human acute myeloid leukemia».

Akutt myelogen leukemi (AML) er ein aggressiv type blodkreft som har sitt utgangspunkt i beinmargen. Kreftcellene vil fortrengje den normale produksjonen av blodceller, og det oppstår ei rekkje symptom som f.eks. infeksjonar (pga. nedsett immunforsvar), blodmangel og blødingar. Nye og forbetra behandlingsalternativ har betra prognosen for denne pasientgruppa dei siste åra, men framleis vil fleire pasientar få tilbakefall av sjukdomen. Forsking dei siste tiåra har vist at AML-pasientar er ei meir heterogen gruppe enn det ein tidlegare trudde, og det er difor blitt viktigare å kartleggje undergrupper av pasientar med like eigenskapar for å kunne skreddarsy behandlinga til kvar einskild pasient og ta i bruk nye medikament.

Reikvam har analysert blod- og celleprøver samla frå ei større pasientgruppe med AML for å karteleggje ulike signalprotein. I desse analysane har Reikvam også studert og evaluert effekten av nye medikament i pasientbehandling.

I avhandlinga til Reikvam inngår fem arbeid. I dei to første arbeida har Reikvam studert to spesielle proteinsystem, matriks metalloproteaser og angiopoietiner, som begge er viktige i beinmargsmiljøet. Effekt av medikamentell behandling på AML-celler vart også studert. Det tredje arbeidet tek for seg ei spesiell gruppe av intracellulære stabiliseringsprotein; såkalla varmesjokkprotein. Nivået av desse proteina synest å vere assosiert med ein spesiell gen mutasjon; FLT3-ITD, som ein finn hos omlag kvar tredje AML-pasient og er assosiert med dårleg prognose. Reikvam studerte effekten av medikament behandling mot desse varmesjokkproteina. Det fjerde arbeidet kartlegg effekt av nye legemiddel mot ein spesiell signalveg som er viktig i AML; PI3K-AKT-mTOR. I det siste arbeidet har Reikvam og medarbeidarar kartlagt signalmolekyl (cytokin)-profil i blodbana hos pasientar med akutt leukemi som skal gjennomgå beimargstransplantasjon. Funna viser assosiasjon mellom cytokinprofil og risiko for komplikasjonar etter transplantasjon.

Personalia:
Håkon Reikvam (f.1978) tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 2003. Forskingsarbeidet er utført ved hematologisk seksjon, Institutt for indremedisin, Medisinsk-Odontologisk fakultet, UiB. Rettleiarar har vore professor Øystein Bruserud og post.doc Kimberley J. Hatfield. Reikvam arbeider for tida som lege i spesialisering ved medisinsk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad for prøveforelesinga:
16.03.2012, kl. 9.15. Oppgitt emne: Stamceller i hematologisk behandling. Veien fra laboratoriet til pasienten.
Stad: Aud. 4, Bygg for biologiske basalfag

Tid og stad for disputasen:
16.03.2012, kl. 10.30, Aud. 4, Bygg for biologiske basalfag

Kontaktpersonar:
Håkon Reikvam, epost: Hakon.Reikvam@med.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side