Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Er Sjögrens syndrom berre Sjögrens syndrom?

Tove Ragna Reksten disputerer fredag 21. desember 2012 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Serologic and phenotypic differences in primary Sjögren’s syndrome: Disease heterogeneity or distinct phenotypes?”

Sjögrens syndrom er ein autoimmun, reumatisk sjukdom som i hovudsak råkar kvinner i 40–60 årsalderen. Betennelsesceller, hovudsakleg kvite blodlekamar, infiltrerer spytt- og tårekjertlar og erstattar funksjonelt vev. For dei fleste pasientane er resultatet tørre slimhinner, spesielt i munnen og auga, i tillegg til trøyttleik (fatigue) og ledd- og muskelsmerter. I dag er symptomatisk behandling det mest vanlege. Trass i fleire felles symptom syner det seg at pasientane har svært ulik gang og plagar av sjukdommen. Ei betre forståing for korleis sjukdommen utviklar seg og kjennskap til gode markørar og risikofaktorar for meir alvorleg sjukdomsgang, vil gjere det lettare å behandle og førebygge plager, og fange opp og følgje opp pasientar med høg risiko for å utvikle til dømes lymfekreft.

Reksten har sett på korleis pasientar med Sjögrens syndrom skil seg frå kvarandre, og om skilnadene mellom pasientane kan forklarast av ein sams faktor. Reksten vurderte markørar i blod frå pasientar opp mot visse vevsstrukturar i spyttkjertelvev, og fann tydlege skilnader mellom pasientane som hadde kimsenterdanning i spyttkjertlane og dei som ikkje hadde det. Desse skilnadene kunne ikkje forklarast av lækjemiddelbruk, og heller ikkje av auka proinflammatorisk aktivitet ein særskild type betennelsesceller kjend som av Th17-celler. Reksten såg vidare på genetiske samanhengar, og oppdaga at variasjonar i gen involvert i signalisering mellom immunceller (cytokin og kjemokin), i B-cellefunksjon og i intracellulære signalsystem for genekspresjon (NF-κB-systemet) kan knytast til pasientar med kimsenterdanning i spyttkjertlane. Resultata syner at det er både genetisk og serologisk støtte for hypotesen om at ein pasient med Sjögrens syndrom ikkje alltid er den andre lik.

Personalia:
Tove Ragna Reksten vart fødd i 1983 og kjem frå Florø. Ho har mastergrad i farmasi frå UiB (2008). Arbeidet med doktorgraden er utført ved Broegelmanns Forskingslaboratorium ved Gades institutt, UiB. Reksten har vore under rettleiing av Karl Brokstad ved Gades institutt, og Malin V. Jonsson ved Institutt for indremedisin – Seksjon for reumatologi, og Institutt for klinisk odontologi – Seksjon for kjeve- og ansiktsradiologi, og ved Uppsala Universitet under rettleiing av Gunnel Nordmark.

Tid og stad for prøveforelesinga:
20.12.2012, kl. 15.00. Oppgitt emne: “Pathogenic role of T cell subpopulations in pSS”.
Stad: Auditorium 1, BB-bygget.

Tid og stad for disputasen:
21.12.2012, kl. 09.15, Auditorium 1, BB-bygget.

Kontaktpersonar:
Tove Ragna Reksten, tlf. 55 97 46 69, epost: tove. reksten@gades.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side