Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Studiar av kreft – dyremodellar og terapeutiske prinsipp

Linda Sleire   

Linda Sleire disputerer fredag 1.juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga

”Studies of human cancers – animal model systems, biological mechanisms and therapeutic strategies”.

Ulike krefttypar har mange fellestrekk, men det er og mykje som skil dei frå kvarandre. For å auke effekten av kreftbehandling, er det avgjerande å undersøke kva som skjer i dei ulike krefttypane og utnytte dette for å forbetre terapi. Til slike studiar trengs det gode modellar, og i sitt doktorgradsarbeid har Linda Sleire utvikla ein dyremodell, der mus med svekka immunsystem også har flourescerande celler, som under UV lys eller i spesielle mikroskop vil lyse raudt. Dette kan utnyttast i studiar av ei rekkje krefttypar, der desse dyra er vertar for kreftceller utan fluorescens frå pasientar. Ein kan såleis studere samspelet mellom kreftceller og vertsceller som ligg i vevet omkring kreften. Slik kan ein finne ut om, og eventuelt korleis, normale celler vert påverka av og bidreg til kreftutviklinga. Dette kan bli utnytta for å betre behandling til pasientar.

Sleire har i doktorgradsarbeidet undersøkt korleis ein kan betre effekt av stråling i hjernekreft. Det har blitt utvikla ein protokoll for gammaknivstråling av immunsvekka rotter med hjernekreft, ein strålemetode der ein kan gje ein stor dose stråling med liten skade på normal hjerne. På hjernekreftcellelinjer har Sleire vist at dersom ein kombinerar stråling med medikamentet Sulfasalazine overlever færre kreftceller samanlikna med kvar enkelt behandling aleine. Studiar av ulike stressituasjonar på hjernekreftceller har på cellelinjer vist at proteinet NSE er viktig for handtering av slikt stress i kreftcellene. Lavt nivå av NSE har også blitt assosiert med auka grad av overleving, noko som kan utnyttast i vidare terapeutiske studium.

Personalia:
Linda Sleire er fødd i 1982 og vaks opp i Vadheim i Sogn og Fjordane. Ho har bachelorgrad i bioingeniørfag frå Høgskulen i Bergen frå 2005, og mastergrad frå Molekylærbiologisk Institutt, Universitetet i Bergen frå 2007. I perioden 2008-2012 har Sleire vore stipendiat ved Institutt for Biomedisin under rettleiing av Per Øyvind Enger.

Tid og stad for prøveforelesinga:
01.06.2012, kl. 08.15. Oppgitt emne: "Cellular responses to hypoxia and manipulation of oxygen pressure to improve glioma treatment"
Stad: Auditorium 2, Bygg for Biologiske Basalfag

Tid og stad for disputasen:
01.06.2012, kl. 10.15, Auditorium, Haukeland Universitetssjukehus, 3.etg

Kontaktpersonar:
Linda Sleire, tlf 992 46 588, epost: linda.sleire@biomed.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side