Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Studiar av ein storindustri i mellomalderen

Ole Tveiten   

Ole Tveiten disputerer fredag 20. januar for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga
Mellom aust og vest. Ein arkeologisk analyse av jarnvinna kring Langfjella i yngre jarnalder og mellomalder
Avhandlinga er ein studie av jarnframstilling kring Langfjella i yngre jarnalder og mellomalder. Med utgangspunkt i nyare teoriar kring teknologi og regionalitet er to område vald ut, høvesvis Sudndalen øvst i Hallingdal og Filefjell på overgangen mellom Valdres og indre Sogn, og arkeologiske utgravingar her formar grunnlag for ei meir generell drøfting av jarnframstillinga mellom Aust- og Vestlandet.
Analysen har vist viktige teknologiske og kronologiske forskjellar og nyansar i jarnframstillinga, der det konkrete arkeologiske materialet er uttrykk for bevisste, men også kulturbundne val og grenser. Grunnlaget for variasjonen finn ein dels i den lokale gardsbusetnaden, i form av ulik eigedomsstruktur og utvikling i gardssamfunna som sto bak jarnframstillinga. Analysen har likevel også vist teknologiske mønster som strekk seg over større geografiske område, som kan ha sin bakgrunn i innforståtte, varige og overførbare tenkemåtar, som del av menneska sin totale læringsprosess.

Personalia:
Ole Tveiten tok hovudfag i arkeologi ved Universitetet i Bergen i 2005 og har sidan arbeidd som arkeolog på ulike prosjekt, hovudsakleg knytt til jarnframstilling i førhistorisk tid og mellomalder. Han var stipendiat ved Universitetet i Bergen frå 2008 til 2011, og arbeider i dag ved Kulturarvenheten i Oppland fylkeskommune.

Tid og stad for prøveforelesinga:
19.01.2012, kl. 16.30. Oppgitt emne: Chaine operatoire og jernvinne-typologi. Generelle mønster og spesifikke problemer
Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole

Tid og stad for disputasen:
20.01.2012, kl. 09.30, Auditorium B, Sydneshaugen skole

Kontaktpersonar:
Ole Tveiten, epost: Ole.Tveiten@ahkr.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side