Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Lyngsviing er viktig for ivaretaking av kystlynghei

Liv Guri Velle   

Liv Guri Velle disputerer fredag 22. juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Fire as a management tool in coastal heathlands: a regional perspective”.

Kystlyngheiane nordvest i Europa er eit gammalt kulturlandskap som har blitt kontinuerleg skjøtta gjennom sviing og beiting i minst 5000 år. Vegetasjonen er i stor grad karakterisert av lyngplanter, men med variasjonar i plantesamansettinga både mellom geografiske regionar, og i forhold til bruk. Opphøyr av tradisjonell drift har ført til at kystlyngheiane i dag er klassifisert som trua i heile Europa, og har kome på raudlista over naturtypar i Noreg.

Auka fokus på ivaretaking av kystlyngheiane har gjort det nødvendig å betre kunnskapsstatusen kring skjøtsel av dette kulturlandskapet. Velle undersøkjer korleis sviing i kombinasjon med beiting må tilpassast den biogeografiske nord-sør gradienten langs kysten. Stadig fleire av dei norske kystlyngheiane er i dårleg hevd, og Velle kvantifiserer korleis høg røsslyngalder påverkar gjenveksten av vegetasjon etter sviing. Vidare vert det undersøkt om bruken i kystlyngheiane fører til ein auke av artar med stor geografisk utbreiing etter sviing (biotisk homogenisering), og om røykindusert spiring i røsslyngfrø kan vere ein kulturbetinga eigenskap i dette økosystemet.

Arbeidet til Velle syner at lyngsviing saman med beiting framleis har ei viktig rolle i skjøtselen av kystlynghei, både for å hindre gjengroing, for å få meir variasjon i plantesamansetnaden og for å fornye røsslyngen. Geografi, veksestad (habitat) og alder på røsslyngplanta påverkar vegetasjonssamansettinga og vekstraten til vegetasjonen etter sviing, noko ein må ein ta omsyn til i utarbeiding og oppfølging av skjøtselsplanar. Arbeidet peikar på at ulikskapar i regenereringsevne hos røsslyng gjer at brannrotasjonar bør bestemmast ut i frå røsslyngen sin vekst og ikkje alder. Velle syner at gammal kystlynghei har eit restaureringspotensiale, og at artane som kjem inn etter sviing er naturlege artar som høyrer til i dette økosystemet. Dette er det første arbeidet som antydar at røykindusert spiring hos røsslyngfrø langs kysten her til lands skuldast ei evolusjonær tilpassing til skjøtsel, og syner viktigheita lyngsviinga har hatt over tid.

Personalia:
Liv Guri Velle er fødd i 1977 og kjem frå Sykkylven på Sunnmøre. Ho tok mastergrad i biologi ved Vitenskapsmuseet på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i 2003, og har vore tilsett ved Bioforsk Vest Fureneset sidan 2004. Doktorgradsarbeidet til Velle er finansiert av Noregs Forskingsråd og Bioforsk og er ein del av det tverrfaglege prosjektet ”Old Norse Sheep in coastal heaths – developing a sustainable local industry in vulnerable cultural landscapes” (prosjekt 178209/I10).

Tid og stad for prøveforelesinga:
21.06.2012, kl. 14.15. Oppgitt emne: “The management of heathlands by grazing and the importance of interactions with prescribed fire regimes”
Stad: Biologen, Thormøhlensgate 53.

Tid og stad for disputasen:
22.06.2012, kl. 13.15, Auditorium 4, Realfagsbygget, Allégaten 41.

Kontaktpersonar:
Liv Guri Velle, tlf: 406 21 867, epost: liv.velle@bioforsk.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side