Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Ekko frå fisk utan symjeblære

Tonje Nesse Forland   

Tonje Nesse Forland disputerer fredag 15. november 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Acoustic properties – Fish without swimbladder”.

Sonar- og ekkolodd sender ut lydbølgjer for å oppdage fisk i havet. Viss dei akustiske eigenskapane til fiskeartane er kjent, kan ein bruke dei reflekterte signala til å bestemme fiskeslag og mengde fisk. Dei fleste fisk har ei gassfylt symjeblære som reflekterer lyd godt. Nokre fisk har ikkje symjeblære og det medfører at dei er vanskelegare å oppdage, og spesielt vanskelege å mengdebestemme.

Kjennskapen til dei akustiske eigenskapane til fisk utan symjeblære er mangelfull. Dette arbeidet skal bidra til å forstå korleis ekko frå fisk utan symjeblære ser ut for ulike frekvensar og for ulike orienteringar av fisken, og til å forstå kva delar av fisken som bidreg mest til ekko når vi ikkje har den dominerande symjeblæra. Atlantisk makrell og tobis, som begge manglar symjeblære, er undersøkt ved hjelp av både akustiske målingar over eit breitt frekvensområde i laboratorium, og ved teoretiske simuleringar. Ekko frå ryggbein, kjøtt, og hovud er undersøkt for makrell. Resultata viser at alle desse delane bidreg signifikant til ekko i frekvensområdet 70-450 kHz, men at det relative bidraget endrar seg med orientering av fisken og frekvens. Ein ser òg at det ikkje er ryggbeinet som er årsaka til auken i tilbakespreidd lyd ved 200 kHz, som tidlegare antatt for makrell.

Ekko frå heil, død tobis og ryggbeinet aleine, er målt i frekvensområdet 100-280 kHz. Refleksjonar mellom over- og undersida på fisken dannar kraftige minima i det reflekterte signalet, grunna destruktiv interferens. Tobis-ryggbeinet kan ha tyding for ekko for dei høgaste frekvensane i det målte området, medan det mest sannsynleg er ubetydeleg for frekvensar lågare enn 180 kHz. Denne informasjonen er nyttig for tolking av akustiske data frå stimar, og den dannar eit godt utgangspunkt for numeriske simuleringar. Resultata frå dette prosjektet kan ikkje brukast direkte til mengdebestemming av fisk utan symjeblære, men dei gjev ny informasjon som kan bli nyttig for det vidare arbeidet i denne prosessen.

Personalia:
Tonje Nesse Forland vart født i 1982, og er oppvaksen på Kleppe i Sund på Sotra. Ho fullførte ein master i akustikk ved Universitetet i Bergen i 2006. I perioden 2006-2013 har ho vore stipendiat ved Institutt for fysikk og teknologi. Doktorgradsarbeidet er finansiert av Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar er Halvor Hobæk ved Institutt for fysikk og tekonogi, medrettleiar er Rolf Korneliussen ved Havforskningsinstituttet.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
11.10.2013, kl. 10.15. Oppgitt emne: “Vannets rolle i atmosfæren”.
Sted: Rom 292, Institutt for fysikk og teknologi.

Tidspunkt og sted for disputasen:
15.11.2013, kl. 13.15, Auditorium 2, Realfagbygget.

Kontaktpersoner:
Tonje Nesse Forland, tlf. 408 25357, e-post: tonjenf[ætt]gmail.com

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.