Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Ny behandling for eldre med akutt myelogen leukemi

Hanne Kristin Fredly   

Hanne Kristin Fredly disputerer 18. januar 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Disease-stabilizing treatment of human acute myeloid leukaemia – experimental and clinical studies”.

Akutt myelogen leukemi (AML) er ein aggressiv type blodkreft som rammer om lag 150 personar i Noreg årleg. Sjukdomen har sitt utgangspunkt i beinmargen og fører til ei opphoping av umodne og ikkje-fungerande kvite blodceller som fortrenger den normale beinmargen. Dette fører vidare til infeksjonar, blødingar og låg blodprosent. Ubehandla er sjukdomen dødeleg i løpet av få veker eller månader.

Fleirtalet av pasientane med AML er eldre enn 65 år. Medan prognosen for yngre pasientar har vorte betra dei siste tiåra, kan mange eldre ikkje få den mest intensive behandlinga grunna høg risiko for komplikasjonar. Nye behandlingsstrategiar er difor naudsynte for denne gruppa.

I utforskinga av nye behandlingsmåtar er det viktig å karakterisere leukemicellene og ulike aspekt ved sjukdomsbiologien. Ulike signalstoff påverkar sjukdomen på ulike måtar og ein har haldepunkt for at pasientens eige immunsystem også kan bidra til sjukdomsstabilisering.

I avhandlinga har Fredly behandla ei større gruppe eldre AML-pasientar med kombinasjonen av valproat (ein mykje brukt epilepsimedisin), all-trans retionid syre (vitamin-A syre) og låge doser av cellegifta cytarabin. Ein såg då sjukdomsstabilisering for ein tredjedel av pasientane, nokre få pasientar fekk også tilbakegang av sjukdomen. Ved dårleg effekt av behandlinga kunne ein sjå respons ved bruk av andre milde cellegifter i staden for cytarabin.

I det vidare har Fredly studert korleis denne behandlinga påverkar dei friske delane av kroppen, og dette synest vere ei enkel og trygg behandling for pasientar som av ulike grunnar ikkje kan gjennomføre intensiv cellegiftbehandling. I ulike eksperimentelle modellar har ein også studert verknadsmekanismane som fører til at denne behandlinga stabiliserer og bremsar sjukdommen.

Personalia:
Hanne Kristin Fredly er fødd i 1976 i Trondheim og oppvaksen i Førde. Ho tok medisinsk embetseksamen ved Medizinische Hochschule Hannover i 2002. Forskingsarbeidet har vore utført ved seksjon for hematologi, institutt for indremedisin, UiB. Rettleiarar har vore professor dr. med Øystein Bruserud og professor dr. med Bjørn-Tore Gjertsen. Fredly er for tida tilsett som lege i spesialisering ved hematologisk seksjon, medisinsk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad for prøveforelesinga:
17.01.2013, kl. 14.15. Oppgitt emne: «Mutasjoner ved AML og myelodysplastisk syndrom; betydning for prognose og behandling».
Stad: Birkhaugsalen, Haukeland Universitetssykehus.

Tid og stad for disputasen:
18.01.2013, kl. 09.15, Auditorium, Hud-bygget, Haukeland Universitetssykehus.

Kontaktpersonar:
Hanne Kristin Fredly, e-post: hanne.fredly@med.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.