Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Analyse av protein kan bidra til å karakterisere kreft

Sigrun Margrethe Hjelle   

Sigrun Margrethe Hjelle disputerer fredag 25. januar 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Expression and function of p53 full-length, p53β and p53γ protein isoforms in cancer”.

For å optimalisere behandling av kreft er det viktig å kategorisere sjukdomane basert på ulike karakteristikkar. Dette kan bidra til å kunne føreseie kva behandling som vil vere mest optimal for kvart enkelt krefttilfelle. I denne avhandlinga har Hjelle utvikla metodar for deteksjon og samanlikning av proteinuttrykk. Ho har studert uttrykking og funksjon av eit spesielt protein, med mål om å kunne bruke det som ein markør for diagnose.

Proteinet kalla p53 er svært viktig i å forhindre utvikling av kreft. Arvematerialet i cellene våre, DNA, kan bli utsett for skader, noko som potensielt kan føre til at cellene utviklar seg til ondarta kreftceller. Ved slike skader set p53-proteinet i gang ulike cellulære prosessar som fører til at cellene slutter å dele seg og at DNA-et blir reparert. Dersom skadane er for omfattande, set p53 i gang programmert celledød som fjernar dei skada cellene for godt. Dette har gjort at p53-proteinet har fått namnet ”Genomets vokter”. Hjelle har studert uttrykkinga og funksjonane til tre av desse p53-proteina, p53 full-lengde, p53β and p53γ.

I avhandlinga har Hjelle primært arbeida med kreftmateriale donert frå pasientar med akutt myelogen leukemi (AML), men også materiale frå pasientar med brystkreft. Desse blod- og vevsprøvene vart analysert for p53-proteinuttrykking ved hjelp av ein metode kalla to-dimensjonal gelelektroforese. Metoden separerer proteina i to dimensjonar, slik at dei tre aktuelle p53-proteina, p53 full-lengde, p53β and p53γ, vert synlege og kan analyserast. Ved hjelp av denne metoden, kopla saman med ei spesiallaga analyseprogramvare, kan uttrykkinga av dei ulike proteinvariantane verte kopla til ulik informasjon om pasientane, kalla ein korrelasjonsanalyse. I ein slik analyse av kreftceller frå AML-pasientar fann Hjelle at AML-pasientar som hovudsakleg uttrykte proteina p53β and p53γ, og lite p53 full-lengde, hadde best prognose. I brystkreft var uttrykking av desse proteina lågare, noko som kan tyde på at dei har blitt nedregulert for at kreftcellene skal kunne dele seg.

Personalia:
Sigrun M. Hjelle er født i 1983 og kjem frå Selje i Nordfjord. Ho gjekk ut frå Firda vidaregåande skule i 2002 og tok mastergrad i medisinsk cellebiologi ved Universitetet i Bergen i 2007. Doktorgradsarbeidet er utført ved Institutt for Indremedisin, Universitetet i Bergen og er rettleia av Bjørn Tore Gjertsen og Frode Berven. Prosjektet har vore finansiert av Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
25.01.2013, kl. 11.00. Oppgitt emne: «Role of long non-coding RNA in cancer. State of the art and future prospects».
Sted: Birkhaugsalen, Haukeland Universitetssykehus.

Tid og stad for disputasen:
25.01.2013, kl. 13.00, Birkhaugsalen, Haukeland Universitetssykehus.

Kontaktpersoner:
Sigrun M. Hjelle, tlf. 971 97520, e-post: sigrun.hjelle@med.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.