Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Elvesystem som oljereservoar i Barentshavet

Tore G. Klausen   

Tore G. Klausen disputerer tysdag 3. desember 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Sedimentology, reservoir geometry and paleogeography of the Mid- to Late Triassic Snadd Formation of the Barents Sea».

Kartlegging av elvesystem i Snaddformasjonen forklarar førekomstar og fordeling av oljereservoar innan eit gitt tidsintervall i Barentshavet. Desse elvene blei avsett i midtre til sein Trias, og er av same skala som nokre av verdas største elvesystem, til dømes Mississippi.

Den sanda som i dag er aktuell som oljereservoar i Barentshavet vart på denne tida tilsett gjennom desse enorme elvene frå Uralfjella i Russland. Undersøkingar av kvar elveløpa gjekk, og dermed kvar denne sanden har fordelt seg, er kritisk for å kunne drive meir målretta leiteaktivitet i Barentshavet; Noregs siste underutforska oljeprovins. Klausen har tatt for seg høgoppløyseleg seismisk data, der desse elvene kan undersøkast som på satellittbilete, til tross for at dei opptrer opptil to kilometer under havbotnen. I tillegg har elveavsetningar frå tilsvarande tidsepoke på Svalbard blitt undersøkt i detalj for betre samanlikningsgrunnlag. Desse detaljstudia er knytt saman gjennom tolking av regionale seismiske linjer.

Dei største elvesystema som er kartlagt ligg tett opp mot den russiske sektoren av Barentshavet og minkar i dimensjon vestover. Samstundes er det markerte endringar i elvesystemet på tvers av tidslinjer innan formasjonen, som tyder på at det har vore storskala rykkingar i kringliggande områder. Klausen har òg påvist trendar i forgreininga av elvesystemet som tidlegare berre har vore studert på satellittbilete i moderne avsetningar, og kan i så måte vere med på å underbygge ei ny forståing av slike store elvesystem i eit globalt perspektiv.

Denne nye forståinga av Snaddformasjonen gjev ny innsikt i storskala elvesystem generelt, og fordelinga av sandstein i Barentshavet spesielt. Det er verdt å merke seg at dei største elveavsette sandsteinsførekomstane er lokalisert tett ved det nylig opna Barentshavet søraust, i den tidlegare gråsona mellom Russland og Noreg. Dette inneber at det er betydeleg potensial for særs gode reservoarsandsteiner for det gitte tidsintervallet i dette området.

Personalia:
Klausen er fødd i 1985 og kjem frå Førde i Sogn og Fjordane, der han var avgangselev ved Hafstad Vidaregåande Skule. Han har teke heile si universitetsutdanning ved UiB, unnateke kortare opphald ved Universitetssenteret på Svalbard og Universitetet i Calgary. Dette omfatta ein treårig bachelor og toårig mastergrad i petroleumsgeologi. No ser han fram til å kunne fortsette som forskar ved Institutt for geovitenskap, UiB. Rettleiar gjennom doktorgraden har vore Professor William Helland-Hansen.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
29.10.2013, kl. 12.15. Oppgitt emne: "Time, sedimentation and preservation".
Sted: Auditorium 4, 4. etg., Realfagbygget, Allégaten 41, Bergen.

Tidspunkt og sted for disputasen:
03.12.2013, kl. 12.15, Auditorium 5, 3. etg., Realfagbygget, Allégaten 41, Bergen.

Kontaktpersoner:
Tore G. Klausen, tlf. 412 20799, e-post: tore.klausen@geo.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.