Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Shakespeare, manga og teikneseriar

Myklebost Svenn-Arve   

Svenn-Arve Myklebost disputerer torsdag 28. februar for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Shakespeare in Configuration: Models, Comics and Manga».

Adapsjon – forstått som tilpassing eller overføring av litterære eller andre typar verk – er noko alle har meiningar om, men i ålmenta er fenomenet lite debattert på eit intellektuelt og teoretisk fundert grunnlag. Diskusjonar om adapsjonar har dessutan ein tendens til å dreie seg om filmar og TV-seriar baserte på romanar, og lite anna. Myklebost si avhandling, derimot, ser på skodespel og teikneseriar.

William Shakespeare sine stykke har blitt framførte, filmatiserte, sensurerte, og omskrivne i om lag fire hundre år. Sidan 1950-talet har dei stadig oftare dukka opp i teikneserieform, og sidan 2007 har det blitt publisert manga-utgåver av desse skodespela. Manga er ei japansk form av teikneseriegenren som har hatt stort gjennomslag i Vesten. Med desse adapsjonane av skodespela ser vi eit samkome av former, medium og verdsbilete, over store geografiske, kulturelle og temporale avstandar.

Avhandlinga stiller spørsmål ved om det går an å «gjere om» ein type verk eller tekst til ein annan, og nyttar alternative og nye termar (samt gamle termar på ein ny måte) for å tenkje gjennom nokre av dei grunnleggjande spørsmåla og oppfatningane som heng ved adapsjon og adapsjonsteori.

Blant konklusjonane Myklebost dreg etter å ha nærlese teikneseriar og manga baserte på Shakespeare-stykke er at desse formene eller sjangrane tematiserer sin eigen status som adapsjonar, eller konfigurasjonar, og at sjølve modellen for konfigurasjonen er utflytande: Å lage ein teikneserie av eit Shakespeare-stykke er å ta utgangspunkt ikkje berre i ein enkelt tekst, men i eit komplekst kulturelt, og i sær for engelsktalande, identitetsmarkerande fenomen. Grensene mellom eit teaterstykke og kulturen generelt er allereie uklåre og alle nye konfigurasjonar flyttar grensestolpane til nye, somme tider uventa stader. Vidare peikar Myklebost på paradokset i at teikneseriar og manga gir forteljingane dei bokstavleg talt råmar inn både ein museal og fjern, men samstundes aktuell og nær framtoning.

Personalia:
Svenn-Arve Myklebost (f. 1979) er master i Engelsk frå Universitetet i Bergen (2007). Frå 2009 til 2012 var han tilsett som stipendiat ved Institutt for framandspråk, UiB, der han i dag arbeider som førsteamanuensis. I tillegg underviser han i litteratur og film ved Høgskulen i Volda.

Tid og stad for prøveforelesinga:
27.02.2013, kl. 17.00. Oppgitt emne: «Adapting Shakespeare across Cultures».
Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole.

Tid og stad for disputasen:
28.02.2013, kl. 09.30, Auditorium B, Sydneshaugen skole.

Kontaktpersonar:
Svenn-Arve Myklebost, tlf. 55 58 22 88, mob. 952 34308, e-post: svenn-arve.myklebost@if.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.