Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Livgjevande bergartar

Ingeborg Økland   

Ingeborg Økland disputerer fredag 8. februar 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Low temperature geochemical reactions and microbial life in ultramafic rock”.

Ideen om at alt liv er basert på solenergi vart endra etter at det vart oppdaga oasar av liv på havbotnen, som er basert på energi frå kjemiske forbindelsar danna ved reaksjonar mellom bergartar og sirkulerande sjøvatn djupt i havbunnsskorpa. Etter kvart har det vorte oppdaga liv som får energi frå ulike uorganiske forbindelsar (kjemolitotrofe organismar) i blant anna grunnvatn, og i sprekker og porer i stein både på overflata og djupt nede i jordskorpa. Ultramafiske bergartar er bergartar frå den djupaste delen av havbunnsskorpa og frå jordas mantel. Desse bergartane kan verte flytta oppover mot havbunnsoverflata gjennom tektonisk aktivitet, der oppsprekking fører til at sjøvatn trengjer ned og reagerer med dei varme bergartane. Det er kjent at høg-temperatur reaksjonar mellom vatn og dei jernholdige primærminerala olivin og pyroksen kan danne hydrogen (H2), og dersom karbon (som oppløyst CO2) er tilgjengelig kan og metan og andre lette hydrokarbon verte danna. Dette er forbindelsar som er rekna som svært gode energikjelder for mikroorganismar og geokjemiske reaksjonar i ultramafiske bergartar kan derfor danne grunnlag for økosystem som er basert på kjemolitotrofe mikroorganismar.

Resultata frå felt- og eksperimentelt arbeid presentert i avhandlinga viser at også låg-temperatur reaksjonar i ultramafiske bergartar kan danne H2, metan og i tillegg ammonium. Arbeidet viser vidare at desse forbindelsane og kan vere eit resultat av reaksjonar med dei jern-holdige sekundærminerala brusitt og serpentin i staden for primærminerala olivin og pyroksen. Dette betyr at også tidlegare omdanna ultramafiske bergartar kan vere energikjelde for mikrobielle samfunn. Mikrobiologiske undersøkelsar av grunnvatn og sprekkeflater i eit slikt ultramafisk system viser samfunn med organismar knytt til blant anna H2-oksidasjon, ammonium-oksidasjon og hydrokarbon nedbryting, som skil seg klart ut frå dei mikrobielle samfunn på overflata og derfor truleg er knytt til vass-bergarts reaksjonar.

Personalia:
Ingeborg Økland er født i Bergen i 1978. Ho byrja å studere geologi ved Universitetet i Bergen i 1998 og fullførte mastergrada i miljøgeologi i 2005. Ph.d.- arbeidet har vorte gjort ved Senter for geobiologi og Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen

Tid og stad for prøveforelesinga:
14.12.2012, kl. 13.15. Oppgitt emne: : «Environmental conditions for extraterrestrial life»
Stad: Lunsjrommet, Senter for geobiologi, Realfagbygget

Tid og stad for disputasen:
08.02.2013, kl. 9, Auditorium 5, Realfagbygget

Kontaktpersonar:
Ingeborg Økland, tlf. 55 58 38 59, e-post: Ingeborg.Okland@geo.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.