Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Ultralydmålingar med redusert intensitet i svangerskapet

Ragnar Kvie Sande   

Ragnar Kvie Sande disputerer mandag 17. juni 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Safe and Sound – the effect of ultrasound power on foetal measurements”.

Ultralyd er ein viktig del av den spesialiserte svangerskapsomsorga, både som rutineundersøking av friske foster og i oppfølginga av risikosvangerskap. Ultralyd vert halde for å vere trygt, og ingen studiar har vist alvorlege skadelege effektar av bildedannande ultralyd i svangerskapet. Moderne ultralydmaskiner gjev likevel markert høgare intensitet enn tidlegare generasjonar, og dyrestudiar har vist skadelege effektar av moderne ultralydmaskiner. Internasjonale retningslinjer oppmodar om at ein brukar den lågaste intensiteten som gjev gode målingar, men studiar tyder på at dette i liten grad vert etterlevd.

I dei seinare åra har ein vore særleg opptatt av blodstraumsmålingar med Doppler hos foster i fyrste tredel av svangerskapet. Dette er ein periode der fosteret er særleg sårbart, og Doppler krev noko høgare energi enn bildedannande ultralyd. Også seinare i svangerskapet er det av interesse å halde intensiteten nede når ein skal gjere Dopplermålingar. Vanlege gråskala-ultralydbilde har tidlegare brukt mindre intensitet enn Dopplermålingar. Ynskje om stadig betre bildekvalitet har likevel ført til at intensiteten også ved desse undersøkingane har blitt stadig høgare.

I avhandlinga har ein redusert intensiteten ved ultralydundersøkingar av foster, og samanlikna måleverdiane og presisjonen til målingane med målingar gjort ved den vanleg brukte intensiteten. Ein har sett på både Dopplermålingar og målingar gjort i vanlege gråskalabilde, og fann at intensiteten kunne reduserast til ein tidel av det som er vanleg å bruke og likevel gje fullgode målingar.

Resultata i denne avhandlinga viser at ein kan oppnå fullgode målingar med ein tidel av den intensiteten som er vanleg å bruke i dag. Vi meiner dette nivået bør vere utgangspunkt ved ultralyd av gravide.

Personalia:
Ragnar Kvie Sande vaks opp på Sandane i Nordfjord. Han avla medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1999. Han arbeidde ved Kvinneklinikken i Bergen i perioden 2002-2011. Han vart godkjend spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar i 2009, og har budd i Stavanger sidan 2011. Forskingsarbeidet utgår frå Klinisk Fosterfysiologisk Forskningsgruppe ved Universitetet i Bergen og Kvinneklinikken i Bergen. Arbeidet er finansiert ved ph.d.-stipend frå Helse Vest i perioden 2010-2013.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
17.06.2013, kl. 09.15. Oppgitt emne: “Diagnosis, surveillance and timely delivery of early and late fetal growth restriction”.
Sted: Auditoriet ved Kvinneklinikken i Bergen.

Tidspunkt og sted for disputasen:
17.06.2013, kl. 11.15, Auditoriet ved Kvinneklinikken i Bergen.

Kontaktpersoner:
Ragnar Kvie Sande, tlf. 97977379, e-post: ragnar.sande@gmail.com

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.