Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Uønska stråledose ved strålebehandling av kreft

Kristian Smeland Ytre-Hauge   

Kristian Smeland Ytre-Hauge disputerer tysdag 10. desember 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Measurements and Monte Carlo Simulations of Neutron Doses from Radiation Therapy with Photons, Protons and Carbon Ions".

Kristian Smeland Ytre-Hauge har i sitt doktorgradsarbeid undersøkt stråledosen frå nøytron til kreftpasientar som får strålebehandling. Nøytronstråling er eit biprodukt av den strålinga som skal kurere pasienten. Prosjektet har blant anna omfatta eksperimentelle målingar i proton- og karbonionstråler ved ei rekkje europeiske forskingslaboratorium (CERN, PTB Braunschweig, IFE Kjeller, Uppsala, GSI Darmstadt). Strålebehandling med proton og karbonion (partikkelterapi) er ein type strålebehandling med potensiale for reduserte biverknader samanlikna med tradisjonell strålebehandling tilgjengelig i Noreg i dag.

Smeland Ytre-Hauge har også kartlagt nøytronstråling frå lineærakseleratorane som blir nytta i strålebehandling ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. I dette målearbeidet har han teke i bruk lokalt utvikla SRAM-detektorar, bobledetektorar og TLD-brikker spesielt tilrettelagt for måling av nøytronstråling. Han har også gjennomført datasimuleringar (Monte Carlo Simuleringar) av dei nytta eksperimentelle oppstillingane.

Resultata frå arbeidet til Smeland Ytre-Hauge er eit bidrag til den kontinuerlege prosessen som går føre seg for å betre kunnskapen om strålebehandling av kreft. Arbeidet har gitt informasjon om den uønskte strålinga til friskt vev ved strålebehandling med foton (gammastråling), proton og karbonion.

Kjennskap til stråledoser frå nøytron er eit grunnlag for at ein på lenger sikt skal kunne inkludere denne kunnskapen i planleggingsfasen av strålebehandling for den einskilde kreftpasient.

Personalia:
Kristian Smeland Ytre-Hauge er født i 1983 i Ålesund. Han tok mastergraden i fysikk i mai 2009 ved Universitetet i Bergen. Frå 2010 har han arbeida med doktorgraden ved Haukeland universitetssjukehus og ved Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
20.11.2013, kl. 13.15. Oppgitt emne: "Nøytronbomben – Hvor ble det av den".
Stad: Rom 546, Allégaten 55 (Institutt for fysikk og teknologi).

Tid og stad for disputasen:
10.12.2013, kl. 10.00, Auditorium 2, Realfagbygget, Allégaten 41.

Kontaktpersonar:
Kristian Smeland Ytre-Hauge, e-post: kristian.ytre-hauge@ift.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.