Universitetet i Bergen


NY DOKTORGRAD

Ekteskap i Bangladesh: både børs og katedral

Mag. art. i sosialantropologi Tone Bleie (38) disputerer den 18. november for dr. philos. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Brides for Ruin, Grooms for Wealth ? Marriage Prestations in Rural Bangladesh

Avhandlinga undersøkjer endringar i dette århundret i bytteformer som er ein føresettnad for giftemål på landsbygda i Bangladesh. Dei mangeslungne bytteformene som inngår i storslegne brydlauspseremoniar blandt stammefolk, hinduar og muslimar i nordvest Bangladesh vert analyserte. Doktoranden syner at analyse av desse bytteformene opner for grunnleggjande forståing av hushalda sine strategiar. Ekteskapsforhandlingane inngår i bondehushalda sine langsiktige strategier for å sikre seg økonomisk tryggleik og offentleg vørdnad. Avhandlinga syner dessutan korleis kvinner nytter ekteskapsstrategiar i freistnaden på å sameine handteringa av arverettane sine med den langsiktige interessa dei har i å sikre seg økonomisk og sosial tryggleik via brør og ektemenn. Bleie tilbakeviser den utbreidde oppfattninga i samfunnsvitskaplege studiar frå sørasia av at overgangen frå brurepris til medgift er et relativt nytt fenomen som reflekterer ei auka nedvurdering av kvinner si arbeidkraft.

Personalia
Tone Bleie er frå Ullensvang og fødd i Odda den 26 mai 1957. Ho tok mag. art graden ved Universitetet i Bergen i 1985. Bleie har vore tilknytta Chr. Michelsens Institutt som forskar sidan 1986, etter korte opphald ved Universitetet i Bergen og Institute of Development Studies i Sussex, England.

Tidspunkt og stad for disputasen: 18. november kl. 10.15, Ulrike Pihls hus

Prøveforelesingar: 17. november kl.15.15-17.00, Ulrike Pihls Hus
Sjølvvalt emne:
Anthropology: A Science Without Brains? The Challange from Cognitive Anthropology. Oppgitt emne: Constructing data from oral information


Kontaktpersonar:
Mag.art. Tone Bleie tlf. 55 57 43 78 (arbeid), 55 28 15 87 (privat)
Informasjonskonsulent Morten Steffensen telef. 55 58 90 35 (a), 55 20 02 91 (p