Universitetet i Bergen


NY DOKTORGRAD

Norskekysten ramma av flodbylgje for 7000 år sidan

Cand. scient. Stein Bondevik (30) disputerer tysdag 2. juli 1996 for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

The Storegga tsunami deposits in western Norway and postglacial sea-level changes on Svalbard

For omlag 7200 år sidan rasa eit område på storleik med Danmark ut frå kontinentalskråninga ved Storegga utanfor mørekysten. Dette raset sette i gong ei gigantisk flodbylgje (tsunami) som ramma kystområda omkring Norskehavet og Nordsjøen. Bondevik hevdar no å ha funne spor frå denne flodbylgja i sedimentlaga i ei rekkje innsjøar langs kysten av Noreg. Laget han meiner er avsett av flodbylgja har ein kaotisk natur med sand, skjelrestar, pinnar, blad og klumpar med torv/andre sediment. På Sunnmøre kan avsetjinga fylgjast 10-11 meter over flomålet på den tida. Nordover til Bjugn minkar bylgjehøgda til 5-7 meter, og sørover mot Bergen er bylgjehøgda 3-4 meter. I avhandlinga har Bondevik også kartlagt havnivåendringar etter siste istid på Edgeøya og Barentsøya, Svalbard.

Personalia
Stein Bondevik byrja studiane ved Universitetet i Bergen i 1987 og avla i 1993 cand. scient. eksamen ved Geologisk institutt. Han vart same år teken opp som dr. scient. student ved Geologisk institutt tilknytt prosjektet GITEC (Genesis and Impact of Tsunamis on the European Coasts) ved Senter for miljø og ressursstudier.


Tidspunkt og stad for disputasen: 2. juli kl. 10.00.,Geologisk institutt, Auditorium 5, Realfagbygget


Kontaktpersonar:
Professor Jan Mangerud: Tlf. 55 58 35 04
Forskar John Inge Svendsen Tlf. 55 58 42 51
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35 (a)/ 55 20 02 91 (p)