Livsstrategiar hos fisk og dyreplankton

Cand. scient. Øyvind Fiksen disputerer torsdag 26. juni for dr.scient.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Functional models of life strategies in zooplankton and fish

Dyreplankton har ein tendens til å symje opp mot overflata om natta og ned på større djup om dagen. Denne vandringa er truleg ein måte å redusere risikoen for å bli fanga av fisk og fiskelarvar som treng lys for å sjå byttet. Samstundes beiter planktonet nok algar til å vekse, reprodusere og byggje opp fettreservar til vinterdvalen. I avhandlinga blir dette fenomenet analysert frå ein teoretisk synsvinkel, med utgangspunkt i Darwin sin teori om evolusjon gjennom naturleg utval.
Fiksen har utvikla matematiske simulerings-modellar for korleis ein forventar at dyr skal oppføra seg i situasjonar der dei må velja mellom risiko for å bli eten av rovdyr og gode vilkår for vekst. Dette gjeld også for lodda som må velgja mellom varmt og næringsrikt atlantisk vatn sør-vest i Barentshavet og kaldt, men trygt (der er lite torsk) lenger mot nord og aust.

Personalia
Øyvind Fiksen er fødd i 1968 i Drøbak, vaks opp på Frekhaug og bur no i Telavåg på Sotra. Han tok cand. scient. graden ved Institutt for fiskeri og marinbiologi, Universitetet i Bergen i 1994, og vart teken opp til dr.scient. studiet same stad i 1995.

Tid og sted
Torsdag 26. juni kl. 10.15 i Store auditorium, rom 2144, HiB

Kontaktpersoner Cand.scient. Øyvind Fisken tlf.: 55 58 46 24 (a) / 56 33 73 42 (p)
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit tlf:: 55 58 90 43 (a) / 55 12 56 91 (p)


INFORMASJONSAVDELINGEN, UIB
Postadresse: Gateadresse: Telefon:* 55 58 90 30 Telefax: 55 58 90 32
5020 Bergen Parkveien 9