UNIVERSITETET I BERGEN


NY DOKTORGRAD

Kvinner i det ghanesiske kanofisket

Cand. polit. Ragnhild Overå (32) disputerer 26. juni 1998 for dr. polit. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen:

Partners and competitors. Gendered entrepreneurship in Ghanaian Canoe Fisheries.

I Ghana har kvinner ein uvanleg sterk posisjon i fiskerisektoren. Avhandlinga er ein studie av korleis sosiale, økonomiske og kulturelle prosessar formar produksjon og marknadsforhold i kanofiskeriet, med særleg vekt på den viktige rolla kvinner har i foredling, handel og distribusjon. Basert på etnografisk feltarbeid i tre Ghanesiske kystsamfunn, gjer Overå greie for korleis kvinner gjennom si sentrale marknadsrolle har blitt viktige kredittinstitusjonar i fiskeria. Mange kvinner har også sjølve investert i kanoar og motorar, og hyrer mannskap til å fiske for seg. Kvinner gjer karrierer ved å kombinere ressursar i fleire sosiale felt, som ekteskap, slektskap, marknad og fiskeri. Studien fokuserer på korleis den sosiale konstruksjonen av kjønn på ulikt vis i tre lokalsamfunn verkar som ein barriere, men også som ein opning og ein fordel, når kvinner aktiviserer kapital frå den kvinnedominerte marknadssfæren i den mannsdominerte fiskerissfæren
Målet med avhandlinga er å vise korleis kjønn er medverkande i økonomiske og sosiale endringsprosessar, og dermed å gi eit bidrag til ei betre forståing av den teknologiske utviklinga som har gjort kanofisket i Ghana til eit av dei viktigaste fiskeria i Vest-Afrika.

Personalia
Ragnhild Overå er frå Hareid på Sunnmøre. Ho tok cand. polit. graden ved Institutt for geografi ved Universitetet i Berge i 1992. Ho arbeider no som forskar ved Senter for utviklingsstudier, Universitetet i Bergen.

Tidspunkt og sted for disputasen: 26. juni, kl. 13.15 i auditoriet  i Ulrike Pihls Hus

Kontaktpersoner:
Cand. polit. Ragnhild Overå, tlf. 55 58 93 00
Informasjonskonsulent Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35