Spesialsamlingane – ei skattkiste

 

Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen er ei skattekiste for alle med skrivekløe. Her er stoff til avhandlingar, fagbøker, biografiar og artiklar.

 

Spesialsamlingane inneheld ei rekkje samlingar med ulikt innhald, frå større boksamlingar til brev, kart og diplom. I alder varierer materialet frå 1100-tals manuskript til dagens aviser. Det eldste materialet stammar hovudsakleg frå starten av Bergens Museum i 1825 då Wilhelm Frimann Koren Christie ville skaffe museet eit godt handbibliotek. Christie var ein aktiv samlar og skaffa til og med ei større bokgåve frå kong Carl Johan i Sverige. I 1849 testamenterte han samlinga si til biblioteket.

            Bergensarane gjorde òg sitt til at biblioteksamlinga auka, nemleg kvar gong dei kjøpte brennevin. Frå 1878 blei biblioteket årleg sponsa av Bergens Brændevinssamlag med 4000 kr av overskottet, seinare meir. Dess meir bergensarane drakk, dess meir pengar til bøker.

            Dei enkelte boksamlingane er donerte oss av ivrige samlarar, dei fleste frå Bergen. Den eldste samlinga kom til biblioteket i 1854 og er etter forfattar og rådmann Claus Fasting. Den inneheld i dag for det meste naturvitskap og reiselitteratur. Andre samlingar er Haakon Amelns samling av Ibsen-trykk, Gustav Brosings samling av Bergensiana, Holberg-samlinga etter Johan Nordahl-Olsen og O. J. Larsen, den nynorske boksamlinga etter professor Torleiv Hannaas, den store samlinga til Jens Brage Halvorsen av ni tusen bind norsk litteratur og Jacob Christensens unike samling av og om Charles Dickens, deriblant førsteutgåver og tolv originalbrev og manuskript.

            "Norsk stridsarkiv" er ei samling bøker og småtrykk om målsak og målstrid, ei gåve frå redaktør Agnar Skeidsvoll i Gula Tidend. Elles har vi i våre magasin ei samling med 5000 bind militærlitteratur frå Bergen militærforeining, ei mindre samling med bokkunst, ei Dedex-samling, bøker med dedikasjonar frå forfattaren, til dømes frå Fridtjof Nansen, og ei Librar-samling med eldre og sjeldne bøker. Boksamlingane og avissamlinga er registrerte i bibliotekbasen Bibsys, med unntak av dei nesten 3000 deponerte binda frå Mariakirkens bibliotek, som vesentleg omfattar eldre teologiske verk.

I tillegg kjem samlingane av gamle kart, diplom og manuskript. Universitetsbiblioteket i Bergen forvaltar ei stor og sjeldan diplomsamling på rundt 2000 dokument, frå 1200-talet og framover til 1800-talet. Det eldste dokumentet er Aga-diplomet, datert 26. mai 1293. Her kunngjer Sigurd lagmann og tre vitne, Torolf på Jåstad, Peter på Spånheim og Jon prest, eit forlik mellom bøndene på Indre og Ytre Bleie i Ullensvang. Noregs forskingsråd finansierer for tida eit prosjekt for å gjere 591 hittil upubliserte dokument frå perioden 1571-1660 elektronisk tilgjengeleg for publikum. Innhaldet dreier seg om bergensk historie, særleg eigedomsforhold, grunnleige og arv. I tillegg er det mange diplom frå gardar rundt i det gamle Bergens stift, som var innsamlingsområdet for Bergens Museum frå starten av i 1825.

Til sist, men ikkje minst skal nemnast den omfattande manuskriptsamlinga. Den spenner frå latinske mellomalderhandskrift til bedriftsarkiv og brev. Bibliotekets eldste manuskript er eit fragment frå ei latinsk messebok ca 1150, funne på baksida av eit skinnbrev frå Breim frå 1570. Det eldste bokmanuskriptet er ein pergamentkodeks frå 1199, delar av kyrkjefaderen Hieronymus sine bibelkommentarar nedskrivne av ein cisterciensarmunk i eit belgisk kloster. Manuskriptet er truleg komen til Bergen via klosterbrødre ved Nonneseter og Lysekloster. Den svinelêrsinnbundne boka består av 166 pergamentblad skrivne på begge sider, i to spaltar med gotiske minusklar, og er vakkert illuminert.

Spesialsamlingane har fleire inkunablar, det vil seie trykte bøker etter Gutenberg og før år 1500 (i Norden før 1550). Den eldste er ein praktfull bibel, Biblia Sacia, trykt i Venezia i 1476 av den kjende franske boktrykkaren Nicolas Jenson. Til samlingane av manuskript, diplom og kart finst det kortkatalogar. Ein elektronisk katalog er under arbeid. Les meir om innhaldet i alle samlingane på www.ub.uib.no/avdeling/spes.

I manuskriptsamlinga er elles dei fleste fagområde representerte, og det er vanskeleg å gje noko oversyn. Bergen bys historie er sterkt representert, ved til dømes brev og dagbøker frå W.F.K. Christie og Fredrik Meltzer, og brevsamlingane til brødrene August og Wollert Konow. Ei rekkje bergensfirma har overlate sine gamle arkiv frå 1700 og 1800-talet til biblioteket: Krohn, Harmens, Janson, Mowinckel og von Tangen. Her er òg Musikselskabet Harmoniens protokollar og partitur frå 1769 og nesten 300 brev frå Ole Bull. Arkiva til Det Dramatiske Selskap frå 1794 og Det norske Theater (1850-63) er deponert ved Teaterarkivet, heriblant Ibsens regibok.

Sogneprest Olaf Olafsen har skjenkt sine store lokalhistoriske samlingar om Hardanger, Voss og Romsdals historie til biblioteket, og lokalhistorikaren Peder Fylling har etterlate seg tilsvarande samlingar for Sunnmøre. Hos oss finn du òg Ulvik-kvinna Catharina Kølles Reisejournal med akvareller frå ca 1830, og hundre 100 brev frå Nikolai Astrup til familien Kramer i Bergen.

Frå forfattaren og BT-kritikaren Bolette Pavels Larsen og bankfullmektig O. J. Larsen har biblioteket fått ei stor brevsamling. Den inneheld mellom anna over 80 brev frå Knut Hamsun, samt ein bitter, men humoristisk sjølvbiografi frå hausten 1894, nedskriven av Hamsun med blyant heime hos Larsens.

Eit lite utdrag slår an tonen: "Rejste 79 til Hardanger, skrev noget Sludder, som ikke utkom, rejste til København med noget andet Sludder..." og etter første turen til Amerika: "... syg, fik Hjælp til Hjemrejse forat dø, kom til Valders. Blev der i to Aar, døde ikke, kom til Kristiania, skrev lidt for Aviser, svalt fælt iblandt." Manuskriptsamlinga har også meir enn 600 brev frå Marie Hamsun til venninna Aslaug Hauge i Haugesund.

            Ei viktig kjelde til norsk bokhistorie er ei større samling brev til Mons Litlere. Han

dreiv nynorsk bokhandel og forlag i Bergen 1887-1895, og utgav bøker av Arne Garborg, Per Sivle, Jens Tvedt, Rasmus Løland og andre. Litlere var ein av dei store pionerane for spreiing av nynorsk litteratur. Blant breva er det 74 brev frå Arne Garborg. Elles har vi brev frå Hulda Garborg og ei rekkje andre norske forfattarar, til dømes frå Ibsen, Bjørnson og ca 150 brev frå Sigrid Undset til Gøsta af Geijerstam i Sunnfjord.

Blant dei litterære godbitane kan elles nemnast eitt av breva frå Amalie Skram 10. mai 1901 til John T. Lund, formann i komiteen for reising av Ole Bull-monumentet utanfor Hotell Norge. Amalie Skram avslår invitasjonen til å kome til Bergen i samband med avdukinga: "Nei, Du kan vide, jeg ikke har råd til sligt, som at rejse til Bergen, o.s.v. Dessuden – selv om jeg havde råd, så har jeg verken lyst eller trang til nogensinde at gjense mine landsmænd i fædrelandet."

Ein kuriositet av eit heilt anna slag er Aksel Sandemoses utvetydige oppfordring på eit kort han sende i 1955: "Jeg ber Universitetsbiblioteket i Bergen dra til helvete." Bakgrunnen var at UB bad om å få tilsendt eit gratis eksemplar av forfattarens eige tidsskrift Årstidene, noko vi hadde rett til, men Sandemose ikkje råd til. Vi fekk det likevel til slutt.

Av utanlandske brev finst det brev frå kjende forfattarar og vitskapsfolk som Holberg, H. C. Andersen, Lord Byron, Heine, Swinburne, Darwin, Alexandre Dumas, Hugo, Sainte-Beuve, Taine, Zola og Turgenjev. Her er òg ei stor samling materiale knytt til keisar Napoleon, og til den tyske diktaren Johann Wolfgang von Goethe.

I samarbeid med Statsarkivet i Bergen kan Spesialsamlingane by på digitaliserte godbitar som ei Fransk bønnebok frå ca 1350 med 88 vakkert utførte pergamentsider, og Hans Lillienskiold Reisejournal frå 1668-70 på 559 sider. Desse kan du bla i heime hos deg sjølv. Vårt digitale arkiv er ope for alle.

                                                                      

Jan Olav Gatland