Hjem

Institutt for informasjons- og medievitenskap

FORMIDLING

Artikkel: James Buchanan og det radikale høgre i USA

Alt-right-rørsla er på offensiven i USA. Ei omdiskutert ny bok fortel historia om det amerikanske radikale høgre, skriv Asbjørn Grønstad for Vox Publica.

Det alter­na­ti­ve høg­re. Alt-right. Eit omgrep som på kort tid har glidd inn i dag­leg­ta­len, sær­leg sidan det ame­ri­kans­ke pre­si­dent­va­let i novem­ber 2016 og ter­ro­ren under Uni­te the Right-demon­stra­sjo­nen i Char­lottesvil­le, Vir­gi­nia i august i år.

Mel­lom 24. og 27. sep­tem­ber skul­le for­enin­ga The Ber­ke­ley Patriot ha arran­gert ei såkal­la Free Speech Week (FSW) på byens uni­ver­si­tet, eit særs kon­tro­ver­si­elt ini­tia­tiv i etter­døn­nin­ga­ne av Char­lottesvil­le og det val­de­le­ge saman­støy­tet mel­lom Trump-til­hen­gja­rar og Anti­fa i Ber­ke­ley i slut­ten av august. Den sis­te måna­den har uni­ver­si­tets­mil­jø­et føre­budd seg på alt det den­ne veka vil­le inne­bere: avlyst under­vis­ning, pub­li­se­ring av ei lang lis­te med gjen­stan­der som vil­le vore for­budt å ta med på cam­pus, og ein over­hen­gan­de fare for utøving av vald.

Det er nær­lig­gjan­de å sjå det­te arran­ge­men­tet som eit reint pr-fram­støyt frå den pro­fi­ler­te alt-høg­re-pro­vo­ka­tø­ren Milo Yiannopou­los – ein av dei invi­ter­te tale­ra­ne – noko ein kom­men­tar i avi­sa San Fran­cis­co Chro­nicle og har gjort (Yiannopou­los vart opp­ha­ve­leg invi­tert i febru­ar men føre­dra­get vart då avlyst). Saman med han skul­le og Donald Trump sin tid­le­ga­re råd­gje­var Ste­ve Ban­non vore, samt kom­men­ta­to­ren Ann Coul­ter. Veka var delt inn i tema­tis­ke bol­kar som «Femi­nism Awa­re­ness Day,» «Isla­mic Peace and Tole­ran­ce Day,» og «Mario Savio is Dead.» 

Les heile artikkelen her.