Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap

Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture

Då hobbyfotografen Abraham Zapruder kom til å filme mordet på John F. Kennedy i 1963 enda han opp med å skape ein av dei mest kjende filmsnuttane i det tjuande hundreåret.

Hovedinnhold

Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture kartleggjer og analyserer korleis denne filmen har funne vegen til ei rekkje ulike kulturelle uttrykksformer, som avisreportasjer, fjernsynsprogram, kunstverk, spelefilmar, romanar, og museumsinstallasjonar.

Zapruder laga det forfattaren kallar ”travelling images”, bilete som når dei vert framviste og siterte i stadig nye kontekstar gradvis riv seg laus frå det mediet dei vart til i, samt den hendinga dei viser oss. Boka viser korleis Zapruders film, som i byrjinga i all hovudsak vart sett på som bevismateriale og historisk dokument, i seinare år i veksande grad har vorte betrakta som estetisk uttrykk, og drøftar ei rekkje konsekvensar av ei slik utvikling. Sjølv om Zaprudered fokuserer på historien til ein enkelt film, ekstrapolerer den såleis ei kulturhistorisk utforsking av samtidas visuelle kultur.

Boka kjem ut i University of Texas Press sin Film and Media Studies-serie.

Øyvind Vågnes er postdoktor på Nomadikon-prosjektet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.

Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture ISBN: 978-0-292-72863-9 Øyvind Vågnes - University of Texas Press