Hjem

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Innhaldsansvarleg for Prisguide.no

Vidar Daatland har ein bachelorgrad i nye medier: - På studiet lærte vi alt frå å laga apps til databasar og fotografering. No arbeider han som innhaldsansvarleg i Prisguide.no.

Utdanninga mi gjer det mogleg å fungere i ei moderne medieverkelegheit.

Kan du fortelja litt om arbeidet ditt som innhaldsansvarleg? Kva er dine konkrete arbeidsoppgåver?
Som innhaldsansvarleg i Prisguide.no arbeider eg med litt av alt. Eg har ansvar for innhaldet i tenesta og kvaliteten på det, men også for å følgje opp produktinnleggjarar og gi tilbakemelding til utviklarteamet som eg er ein del av. Vi kjøper inn nokre tenester, andre ting legg vi inn manuelt. Det er høg teknisk kompetanse hos dei eg arbeider med, så eg har hatt stor nytte av innsikta frå studiet. Det er eit godt miljø for å tenkje nytt hos oss, folk liker utvikling og det gir gode synergieffektar.

Kva er det beste med jobben din? Og kva er det mest utfordrande?
Det eg liker best med jobben min er å vere uavhengig. Eg kan mykje av dei ulike tinga me arbeider med, og eg får brukt både teori og kreativitet. Frå studiet fekk vi ein god medie- og informasjonsvitskapleg bakgrunn, noko som gjer at eg ikkje treng å spørje alle andre på arbeidsplassen om dei tekniske tinga vi arbeider med.
Det mest utfordrande er nok å halde seg oppdatert. Det skjer utruleg mykje endringar på nett. Det viser kor viktig det er å ha fantasi. Av og til må ein sjå vekk frå korleis ting har blitt gjort før, og tenkje nytt. I denne bransjen må ein fornye seg og tilpasse seg; det er nok mange som synst det er litt utfordrande å bryte ut av faste mønster.

På kva måte er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?
Utdanninga mi gjer det mogleg å fungere i ei moderne medieverkelegheit. Skal du jobbe i media, så må du lære deg digital plattform og kunne fornye deg. Det er ei framtidsretta utdanning, som kanskje var litt forut for si tid i oppstarten. På studiet lærte vi litt av alt: frå fotografering, til filmanalyse til programmering. Desse perspektiva gir oss ei uavhengigheit og mange moglegheiter, sidan vi både får erfaring frå journalistikkarbeid og t.d. å lage databasar. Før eg byrja på utdanninga hadde eg allereie jobba nokre år i media, og eg såg relevansen av det vi dreiv med. Så og seie alle faga eg hadde på studiet er relevant for det eg arbeider med no.

Kva var din første jobb etter enda utdanning? Korleis opplevde du overgangen frå studiar til arbeidsliv?
Eg hadde utdanning frå Forsvaret frå før av og hadde arbeidd der ei stund, men eg hadde alltid planlagt å ta meir høgare utdanning og har alltid likt teknologi. Eg jobba ein del ved sida då eg studerte nye medier. Derfor var det litt annleis å ha meir fritid enn eg hadde som student. På fritida er eg fotballtrenar og webredaktør i Vadmyra IL, og der får eg også bruk for det eg har lært på studiet. Då idrettslaget trong nettbutikk, så var ikkje det noko problem for meg å ordne. Elles sakna eg det sosiale frå studietida då eg byrja å jobbe igjen – det var ein fantastisk gjeng eg studerte med.

Kvifor valde du å studera nye medier ved UiB?
Eg ville ikkje gå rett på noko veldig teknisk, men ønskja å lære meg fleire verktøy og utfordre meg sjølv. Eg liker medievitskap og ville bli sterkare fagleg. Informasjonsvitskap synst eg er litt vanskelegare, men det er viktig å komme seg ut av komfortsona òg. På studiet lærte vi jo alt frå å laga apps til databasar og fotografering; det er ikkje ei spesialistutdanning, men ein er innom litt av alt og får mange nye perspektiv. Nokon kallar nye medier for oppfinnarstudiet! Før eg byrja på studiet hadde eg ikkje trudd at eg skulle lære meg å lage apps.

Kva var det beste med studietida ved UiB?
Det var veldig gøy å lære nye ting, men noko av det beste var vennskapet og kontaktane. Det var flott å møte nye folk og bli godt kjent. Vi var ein liten, men flott gjeng på studiet. Vi var i ei klynge med studentane på journalistikk og dei på film- og TV-produksjon. Då vi skulle skrive bacheloroppgåve fekk vi frie tyglar, vi valde då å lage ein informasjonsapp for studentar. Vi laga ein prototype og skreiv også ei analyserande oppgåve. Det var veldig kjekt. På det prosjektet gjorde vi alt: design, programering, fotografering og laga databasar. Vi gjennomførte også ei spørjeundersøking. Arbeidet med bacheloroppgåva var så kjekt at vi blei sitjande veldig lenge med det. No driv eg også ein blogg om tv-seriar (serienytt.no) på fritida, den starta vi opp i studietida.

Intervjuet av: Hanne Kvilhaugsvik