Hjem
Click

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Forskerprofil Bjørnar Tessem

Bjørnar Tessem er professor i informasjonvitskap. Han har drive i forsking i ei lang rekke felt innan disiplinen, som kunstig intelligens, systemutvikling og nye media.

I sosiologisk orienterte, empiriske studium innan systemutvikling har Tessem bidradd spesielt innan det ein kallar agil systemutvikling.

Kunstig intelligens-forskinga har vore fokusert mot to område, bruk av uvisse i resonnerande system og analogisk resonnering. Tessem har bidradd med blant anna teoretisk kunnskap innan algoritmar for resonnering med intervallrepresentasjonar av sannsyn.

I det siste har han brukt slike teoriar i praksis i eit samarbeid med Fiskeridirektoratet omkring risikoanalyse i havfiske og oppdrett. Såkalla Bayesianske nettverk, kombinert med analysar av Fiskeridirektoratets data vert brukt til å avdekke irreguler drift hos havfiske-aktørar eller i oppdrettsanlegg.

Algoritmar for analogisk resonnering, der ein prøver å matche strukturar i to ulike problem,  har vore brukt for å støtte gjenbruk av program og design innan utvikling av informasjonssystem. I sosiologisk orienterte, empiriske studium innan systemutvikling har Tessem bidradd spesielt  innan det ein kallar agil systemutvikling. Han har då studert tema som jobbtilfredsheit og medverknad i utviklarteam. Ei anna vinkling på dette temaet er samspelet mellom utviklar-organisasjonen (prosjektet) og den meir langsiktig tenkande driftsorganisasjonen for informasjonssystem.

Tessem har i dei siste åra hatt eit samarbeid med medievitarar omkring utvikling av nye media, der ein har fokusert på lokasjons-basert innhald. I Lokanytt-prosjektet har han studert korleis brukarar  med mobiltelefonar oppfattar og gjer nytte av nyheitshistorier som er knytta til geografiske koordinatar. I PediaCloud-prosjektet presenterer ein lokasjonsbasert innhald i ei ordsky og ein har i empiriske studium vist korleis dette resulterer i heldige, uventa funn for brukarane (serendipitet).