Gå til innhold
English A A A

Utveksling i Europa gjennom Erasmus


UiB har rundt 650 erasmusavtalar med 270 ulike universitet.

Velkommen som ny student.

Velkommen som ny student.


Erasmusprogrammet er det store programmet for samarbeid innan høgare utdanning i Europa. Erasmusprogrammet blir finansiert gjennom EU-systemet og det er knytta ei eiga stipendordning til programmet. UiB har deltatt i erasmussamarbeidet sidan 1992 og det reiser no ut rundt 250 erasmusstudentar i året frå UiB.

Søk fram den avtalen som passer for deg i UiB sin Erasmusdatabase.

Er du interessert i utveksling innan Norden, sjå eigen nettside. 

Snarveg til infoside om søknadsprosessen.

Kvifor Erasmus?

Ønskjer du å studere ved eit universitet i eit EU-land, vil det som oftast løne seg å reise ut gjennom Erasmus. Her er nokre av fordelane:

  • Du får eit Erasmusstipend som for studieåret 2012/2013 er på 2000 kroner per stipendmånad. Når du har gjennomført utvekslinga og elles har oppfylt krava til rapportering og læringsavtale vil du motta eit tilleggsstipend. Storleiken på dette vil variere, men i studieåret 2010/2011 var det på ca. 800 kroner per stipendmånad.
  • Du betalar ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet.
  • Vertsuniversitetet hjelper deg som oftast med å skaffe bustad.
  • Du kan få dekt utgifter til førebuande språkkurs i Noreg før du dreg. I tillegg kjem Lånekassen sitt gode tilbod om ca. 17.000 kr i stipend til språkkurs.
  • Mange universitet arrangerer eigne introduksjonsprogram og språkkurs for Erasmusstudentar.
  • Viss du vil studere i eit europeisk land med eit anna språk enn engelsk, fransk, spansk eller tysk kan du få tilbod om gratis språkkurs i vertslandet før semesterstart. Les meir om det på denne nettstaden.
  • Ver merksam på at du berre kan dra på Erasmus studiemobilitet ein gong

Korleis bruke Erasmusdatabasen?

Avtalane gjeld enkeltfag. Du kan søkje deg fram til UiB sine samarbeidsuniversitet på ulike fagområde. Kvar avtale er i utgangspunktet knytt til eitt eller fleire studieprogram (sjå kven som er satt opp som kontaktperson for avtalen). Dersom du til dømes skal ta frie studiepoeng i graden din kan du likevel søke på eit anna studieprogram sine avtalar så lenge du skal studere det faget avtalen gjeld for.

Kvar Erasmus-avtale er inngått for eitt fagområde. Dersom det står ”Sociology” på ein avtale så kan ein ikkje rekne med at ein kan studere språk eller fysikk der. Nokre avtalar er inngått med opnare fagområde slik som ”Social Sciences”, ”Humanities” eller ”Languages and Philological Sciences”. Slike avtalar vil vere meir opne når det gjeld kva kurs ein kan ta. Dersom du er i tvil om kva type fag avtalen opnar for å studere så ta kontakt med studieveiledaren din.

Ver også klar over at UiB er inne i ein prosess med fornying av ein stor del av Erasmusavtaleporteføljen. Etter kvart som avtalane blir fornya blir dei oppdaterte i databasen. Dette betyr at når det står "valid until 2013" på ein avtale i databasen så er avtalen framleis ikkje fornya for utveksling for studieåret 2013/14. Dersom du søker på ein slik avtale er det spesielt viktig at du også set opp søknadalternativ. Der det står "Valid until 2014" eller seinare er avtalen fornya for studieåret 2013/2014.

Viss du vil reise ut i vårsemesteret er det mogleg at nokre av studieplassane allereie er fordelte. Spesielt gjeld dette studieplassar i Storbritannia og storbyar som Berlin, Barcelona og Paris. Dersom du har spørsmål om kvar vi har ledige studieplassar, kan du ta kontakt med oss.

Eit Erasmusopphald må vare i minst tre månader, men ikkje meir enn tolv. Skal du studere i to semester, må studia ta til i haustsemesteret.

Les om søknadsprosessen for Erasmusutveksling på denne nettsida.

Erasmus praksisopphald

Erasmus praksisopphald er ei form for utveksling der du kan arbeide/få opplæring i ein organisasjon, institusjon eller bedrift. Utvekslinga må gjennomførast medan du er i gang med eit gradsstudium på UiB, og du vil få erasmusstipend på same måte som studentar som utvekslar til eit universitet.

Med unntak av BA-studiet i samanliknande politikk har ikkje institutta på UiB avtalar med eksterne partnarar om å sende studentane sine ut på Erasmus praksisopphald. Det betyr at studenten i utgangspunktet sjølv må finne ein bedrift/organisasjon/institusjon for å gjennomføre praksisen.

Du vil finne meir informasjon om ordninga her: http://www.siu.no/nor/Hoeyere-utdanning-og-forskning/Erasmus/Praksisopphold

På denne nettstaden vil det leggast inn tilbod om plassar der ein kan gjennomføre Erasmus praksisopphald:
http://www.studeriutlandet.no/nor/Hva-vil-du-studere/Delstudier-i-utlandet/Erasmus-studentutveksling-og-praksisopphold/Praksisopphold-ved-europeiske-arbeidsplasser-annonser

Krav til språkkunnskapar

Fleire universitet i Spania, Tyskland og Frankrike har krav om språkkunskapar til studentar som søkjer om opptak. Studenten må då stadfeste at ho/han har nok kunnskapar i språket til å kunne følgje undervisninga og avlegge eksamen på spansk, tysk eller fransk.

Dette gjeld blant anna:

  • Humboldt Universität zu Berlin
  • Christian-Albrechts-Universität zu Kiel (krev ein bakgrunn med minimum 250 timar tysk)
  • Université Nice Sophia Antipolis
  • Universitat Barcelona (Facultat de Historia y Geografia)
  • Freie Universität Berlin

Vi tek atterhald om at også andre universitet kan sette fram slike krav i framtida.

Studentar som er knytt til Institutt for framandspråk kan få ei slik stadfesting på instituttet. Andre studentar kan få ei stadfesting frå Internasjonal studentmobilitet på bakgrunn av gode karakterer fra videregåande i det aktuelle språket, eksamenar i språket, eller eventuell anna dokumentert språkkunnskap.

Utveksling utanfor Erasmus

Universitetet i Bergen tilbyr og utveksling utanfor Erasmusprogrammet. Då må du reise på såkalla bilaterale avtalar, avtalar som er inngått mellom fagmiljø på UiB og ein annan lærestad. Ta kontakt med fakultetet som administrerer faget du høyrer til for å få meir informasjon om avtalar som kan vere interessant for deg.

Erasmus-student fleire gonger?

Ein kan i utgangspunktet dra på erasmusutveksling berre ein gong. Dette gjeld også for utveksling gjennom ein erasmusavtale utan at studenten mottar erasmusstipend (zero grant mobility). Unntaket er dersom du ønskjer å dra på ein annan type erasmusmobilitet enn det du gjorde første gongen. Det er tre typar erasmusmobilitet:

  • Vanleg studiemobilitet
  • Praksisopphald i bedrift eller organisasjon
  • Mobilitet gjennom ein Erasmus Mundus mastergrad eller Europeisk Master

Dette betyr at du ikkje kan dra på erasmus studieutveksling først som del av ein bachelorgrad og på nytt som ein del av ein annan bachelorgrad eller mastergrad.

 

Sist endret: 17.7.2013