Utveksling til Europa gjennom bilaterale avtalar
Universitetet i Bergen tilbyr og utveksling utanfor Erasmusprogrammet. Då må du reise på såkalla bilaterale avtalar, avtalar som er inngått mellom fagmiljø på UiB og ein annan lærestad.
Ta kontakt med fakultetet som administrerer faget du høyrer til for å få meir informasjon om avtalar som kan vere interessant for deg. Sjå fakultetet sine eigne internettsider for oversikt over bilaterale avtalar som dei koordinerer.
-
Jagiellonian University, Polen
UiB har fleire Erasmusavtalar med Jagiellonian University. I tillegg tilbyr vi studium ved Department of International Polish Studies (IPS), som har undervisning på engelsk.
-
University of Southampton, Storbritannia
Utveksling til University of Southampton (SOTON) er mogeleg for studentar ved Universitetet i Bergen som studerer juridiske fag, humanistiske fag, økonomi, informatikk eller matematikk.