Gå til innhold
English A A A

Utveksling til Sveits


Utveksling utan erasmusstipend.

Sjølv om Sveits ikkje er med i EU eller EØS har norske studentar i mange år blitt utveksla til sveitsiske universitet gjennom eit "Erasmus skuggeprogram".  Norske studentar har då ikkje fått erasmusstipend, men i staden eit stipend betalt av den sveitsiske stat. Sveitsiske studentar som har utveksla til Norge har fått eit tilsvarande stipend.


Frå og med 2011/12 vil Sveits delta i erasmusprogrammet og dette skuggeprogrammet vil derfor falle bort. Men fordi korkje Norge eller Sveits er med i EU er det likevel ikkje lov å betale ut erasmuspengar til studentutveksling mellom dei to landa.


Dette betyr altså at sjølv om Universitetet i Bergen har erasmusavtalar med åtte ulike sveitsiske universitet så vil ikkje utveksling til nokon av desse utløyse erasmusmidlar.

Snarveg til infoside om søknadsprosessen.

Sist endret: 21.1.2013