Gå til innhold
English A A A

Utveksling i Norden


Viss du ønskjer å studere i Norden, kan du nytte deg av Erasmusavtalar mellom UiB og nordiske universitet, eller du kan reise ut gjennom det nordiske utvekslingsprogrammet Nordplus.

Kart1.JPG

Kart1.JPG Foto: Svenn-Arve Myklebost


Nokre av fordelane med Erasmus og Nordplus:

  • Du får stipend på kr. 2000,- (Erasmus) eller kr. 1600,- (Nordplus) per månad.
  • Du betalar ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet.
  • Vertsuniversitetet hjelper deg som oftast med å skaffe bustad.

Nordplus

Utvekslingsprogrammet Nordplus bygger på faglege nettverk oppretta i samarbeid mellom fagmiljø ved dei nordiske universiteta og høgskulane. I oversikta nedanfor ser du om det fins eit nettverk for ditt fagområde. Kontaktpersonen for nettverket kan fortelje deg kva universitet og høgskular du kan studere ved.

Nordplusopphaldet varer normalt frå tre til tolv månader, men kan i særskilde høve vare frå to veker til to år.

Faglege nettverk og kontaktpersonar

Under ser du ei oversikt over kva fag ved UiB som deltek i Nordplusnettverk med andre lærestader i Norden. Vend deg til kontaktpersonen for det nettverket som kan vere aktuelt for deg. Utfylt søknadsskjema skal også leverast til denne kontaktpersonen.

Viss det ikkje fins eit nettverk for ditt fagfelt kan du skrive til utveksling@uib.no eller ringe oss på telefon 55 58 21 40 og spørje om utveksling innan Nordlysnettverket.

Alle fag
(Nordlys): Helge Bjørlo, helge.bjorlo@ua.uib.no

Sibelius nettverk: Grieg Akademiet, bjorn.halvorsen@grieg.uib.no
Nordpuls: Grieg-akademiet, bjorn.halvorsen@grieg.uib.no
NORTRAD (folkemusikk): Griegakademiet, bjorn.halvorsen@grieg.uib.no
NOREK (Økonomi): Inst. for økonomi, inger.gronningsater@econ.uib.no
Folkloristikk-etnologi: AHKR, torunn.saunes@ahkr.uib.no
Religionsvitenskap: AHKR, anna.arefjord@ahkr.uib.no
Arkeologi: AHKR, torunn.saunes@ahkr.uib.no
Religious Roots of Europe: AHKR, anna.arefjord@ahkr.uib.no
Juss: Juridisk fakultet, Ingrid.tosdal@jurfa.uib.no
NordSpeech: LLE, erna.kjensjord@lle.uib.no
Psykologi: Psykologisk fakultet, toril.salen@psyfa.uib.no
Medisin i Norden: Medisinsk fakultet, torill.knag@medfa.uib.no
Biologi: Inst. For biologi, beate.rensvik@bio.uib.no
Geobiologi: Senter for geobiologi, caroline.christie@geo.uib.no
Fysikk: Inst. for fysikk og teknologi, hanne.israelsen@ift.uib.no
Statskundskap: Sam.pol/adm.org, jorgen.melve@sos.uib.no
Sosialpsykologi: Psykologisk fakultet, toril.salen@psyfa.uib.no
Media and Communication: Inst. for infomedia, elin.zeiffert@infomedia

Nordlysnettverket

Viss ikkje fagmiljøet ditt deltek i noko fagleg nettverk har du høve til å reise til nordiske universitet gjennom Nordlysnettverket. Dette er eit tverrfagleg nettverk og er eit tilbod for studentar som ikkje finn passande Nordplus-nettverk for utveksling til nordiske universitet. Du søker om utveksling gjennom Nordlys på vanleg måte og skriv Nordlys i rubrikken for "avtale eller nettverk".

Erasmus

UiB har ei rekke Erasmusavtalar med nordiske universitet. Du kan søkje deg fram til desse avtalane i Erasmusdatabasen vår.

Les meir om Erasmusutveksling her.

Sist endret: 8.11.2011