Utveksling utanfor Europa
Utanfor Erasmus/Nordplus skjer utvekslinga gjennom bilaterale avtalar, det vil seie samarbeidsavtalar som er inngått direkte mellom UiB og eit anna universitet. Her finn du ei oversikt over UiB sine utvekslingsavtalar.
Dei fleste av UiB sine bilaterale avtalar er allmenne og dekkjer dei fleste fagområde (ofte med unntak av profesjonsstudium), medan nokre er avgrensa til enkelte fagfelt.
Dei fleste universiteta har undervisning på engelsk. Andre stader må ein følgje vanlege førelesingar på språket som blir brukt i landet.
Kvifor reise ut gjennom bilaterale avtalar?
- Vi har valt ut gode universitet for å gi deg eit tilbod som passar bra til ditt studium.
- Vi hjelper deg med heile søknadsprosessen og held deg orientert.
- I dei fleste tilfelle har vi ordna fritak for krav om språktest.
- Nokre avtalar har fritak for studieavgifter, medan andre har reduserte satsar.
-
Praktisk informasjon
Det er slett ikkje så vanskeleg å studere i andre verdsdelar som du kanskje skulle tru. Du kjem langt med pur interesse og pågangsmot, men ein del andre faktorar spelar også inn viss du skal bli vurdert som ein kandidat til utvekslingsplassane i dei bilaterale avtalane.
-
Utvekslingsavtalar i Afrika
Her finn du oversikt over UiB sine bilaterale avtalar med afrikanske universitet.
-
Utvekslingsavtalar i Asia
Her finn du oversikt over UiB sine bilaterale avtalar med asiatiske universitet.
-
Utvekslingsavtalar i Latin-Amerika
Her finn du oversikt over UiB sine bilaterale avtalar med universitet i Latin-Amerika.
-
Utvekslingsavtalar i Nord-Amerika
Her finn du oversikt over UiB sine bilaterale avtalar med universitet i USA og Canada.
-
Utvekslingsavtalar i Oseania
Her finn du oversikt over UiB sine bilaterale avtalar med universitet i Australia og New Zealand.