Gå til innhold
English A A A

Praktisk informasjon


Det er slett ikkje så vanskeleg å studere i andre verdsdelar som du kanskje skulle tru. Du kjem langt med pur interesse og pågangsmot, men ein del andre faktorar spelar også inn viss du skal bli vurdert som ein kandidat til utvekslingsplassane i dei bilaterale avtalane.

 

Krav til søknad

  • Det er naudsynt med gode kunnskapar i undervisningsspråket.
  • Enkelte kurs krev spesifikke forkunnskapar.
  • Mange vertsuniversitet stiller i tillegg andre krav til søkjarane.

På nokre av universiteta vil det være konkurranse om plassane. Sidan delstudiet i utlandet skal inngå som ein del av graden din ved UiB kan du normalt ikkje ta ein full grad ved eit samarbeidsuniversitet.

Språkkunnskapar

Enkelte universitet krev dokumenterte språkkunnskapar. Nokre få universitet, særskilt i USA og Canada, krev at du tek ein TOEFL- eller IELTS-test. Dette er testar som måler engelskkunnskapane dine.

Informasjon om TOEFL
Informasjon om IELTS

Merk at UiB i dei fleste tilfeller har forhandla fram fritak for språktesting i sine bilaterale avtalar.

Søknad

Les om søknadsprosessen for bilaterale avtalar på denne nettsida.

Sist endret: 6.12.2012