UgleMedFak logo

Interessegruppe for forsking omkring urininkontinens 1995

Innhald


TOC Føreord

Dette er den sjuende årsmeldinga frå Interessegruppe for forsking omkring urininkontinens. Gruppa som har sin basis ved Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen, vart danna tidleg i 1988, og har i desse åra hatt ein aukande aktivitet.

Ei årsmelding er nyttig for oss som er med i arbeidet med tanke på å dokumentere det arbeidet vi har gjort i året som gjekk. For våre samarbeidspartnarar innan privat og offentleg verksemd vonar vi årsmeldinga vil gje nyttige opplysningar om den aktiviteten som finst i gruppa. Vi ser resultat av arbeidet vårt både i gruppa og utanfor, vitskaplege prosjekt vert planlagt, nokre på høgt ambisjonsnivå. Gruppa si tverrfaglege tilnærming gjer at kreativiteten får gode kår. Stadig fleire veit om oss, og kontaktar oss i høve foredrag, undervisningsopplegg, prosjektplanlegging og rettleiing. Dette er vi stolte av, og tek det som uttrykk for at vi har kompetanse og eigenskapar som andre set pris på.

Ekstra eksemplar av årsmeldinga kan ein få ved Seksjon for allmennmedisin, Ulriksdal 8c, 5009 Bergen.

Bergen 31. desember 1995

Steinar Hunskår


TOC Urininkontinens

Urininkontinens (UI) er eit vanleg helseproblem i befolkninga. Undersøkingar viser at så mange som 10% av den vaksne befolkninga kan vere plaga av UI, 3/4 er kvinner. Omfanget av plagene er aldersavhengig. Det kan såleis definerast tre høgrisikogrupper; born (enuresis), middelaldrande/eldre kvinner og eldre menn. Blant kvinnene er omfanget størst i aldersgruppa 45-55 år, og ein finn deretter ny auke etter 70-års alderen. Hos menn er omfanget lite fram mot 60-års alderen, men deretter aukar omfanget sterkt.

UI er i stor grad eit skjult helseproblem. Fleire studiar har vist at berre 10-25% av personane med slike plager søker lege eller anna helsehjelp. UI er for mange eit sosialt og hygienisk problem som kan medføre betydelege innskrenkingar i livskvaliteten og den normale livsførselen. Tilstanden medfører arbeidskrevande rutinar og dyre medisinske forbruksvarer både i institusjonshelsetenesta og i den heimebaserte omsorga i kommunane. Fordi mange føler at tilstanden er sosialt uakseptabel, vert det viktig for mange å halde problemet skjult. Dette gjer også at det er vanskeleg å vite eksakt kor mange som er plaga og kor mange som treng hjelp frå helsetenesta eller trygdeverket.

I tillegg til at det er usikre anslag over kor mange som har tilstanden, og kor stor del av dei som søker hjelp, er det grunn til å tru at dei som ber om hjelp, får ei svært varierande omsorg. På den eine sida har vi moderne og målretta terapi som i mange tilfelle kan helbrede pasienten, men vi veit også at mange får feil terapi eller minimumsløysingar, samt at nokre blir avvist når dei kjem fram med problemet sitt.


TOC Forsking omkring urininkontinens

Det er eit paradoks at det omkring dette talmessig store helseproblemet finst relativt liten dokumentasjon både frå ein medisinsk og trygdemessig synsvinkel. Forskinga omkring UI er stor og internasjonal, men har sine hovudinteresser på tre område:

a) Epidemiologi

Det finst ei rekkje epidemiologiske studiar som viser problemet sitt omfang i ulike befolkingsgrupper, fordelt på kjønn og alder, og i undergrupper basert på typar og alvorsgrad.

b) Klinisk forsking

Ein hovuddel av den kliniske forskinga gjeld utprøving av medikament og operativ behandling. Eit anna viktig forskingfelt er diagnostikk der funksjonsundersøkingar har vore sentrale.

c) Grunnforsking

Ein meir basal forskingstradisjon tek for seg sjukdomsmekanismar og basale biokjemiske og fysiologiske tilhøve.

Dette medfører at vi i stor grad ikkje har dokumentasjon av inkontinensomsorga si utforming og reelle situasjon i samfunnet. Det finst óg lite forsking omkring bruken av dei kunnskapane som allereie finst på området, og om korleis dei urininkontinente sin situasjon er.


TOC Uløyste oppgåver

Frå litteraturen går det fram at mange av dei urininkontinente ikkje får den hjelp dei bør ha krav på. Kunnskapar er eit viktig stikkord for dei uløyste oppgåvene innan dette feltet. For det første ligg det ei svær oppgåve i å formidle eksisterande kunnskap til alle nivå av helsetenesta og til pasientane. Dersom all eksisterande kunnskap vart tatt i bruk, ville svært mange av pasientane kunne få god hjelp. Men på mange område er det også trong for ny kunnskap, det vil seie forsking. Stikkord for område som treng nærare kartlegging kan vere:

- epidemiologi i spesielle grupper

- enkle diagnostiske teknikkar og deira prediksjonsverdi for korrekt terapi

- terapeutiske tiltak i førstelinetenesta

- nye terapeutiske verkemiddel (medikament,elektrostimulering, kirurgi)

- livskvalitet og tilstanden sin innverknad på dagleglivet

- hjelpemiddelutprøving

- trygdereglar og trygdekostnader

- organisasjonsmodellar i primærhelsetenesta og i sjukehusa

- årsaksfaktorar

- førebygging av urininkontinens


TOC Primærhelsetenesta

Med det store pasienttalet og med den alderssamansetninga og medisinske behov dei fleste vil ha, er det klart at det er i primærhelsetenesta hovudparten av inkontinensomsorga må skje. Samtidig må det sikrast at dei pasientane som treng det, får hjelp i andrelinetenesta med bruk av spesialutstyr som etterkvart er tilgjengeleg både for diagnostikk og terapi. Like klart er det at inkontinensomsorg må vere tverrfagleg der både legar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og andre har sin naturlege plass. Eigenomsorg og helseopplysning er også viktige tiltak som må stimulerast lokalt. Primærhelsetenesta må vere open for modellutprøving med vitskapleg evaluering.

Ein arbeidsstrategi for total inkontinensomsorg må bygge på tilgjengeleg vitskapleg dokumentasjon. I dag er det ikkje tilgjengeleg dokumentasjon for mykje av det ein arbeidsstrategi må innehalde. Dette skuldast dels at tilgjengeleg kunnskap frå selekterte materiale ikkje kan overførast direkte til ein uselektert pasientpopulasjon. Dels er det mange viktige område innan feltet som rett og slett ikkje er omtala i vitskapleg forstand. I ein mellomperiode må ein difor basere seg på gjeldande praksis og erfaring samt råd frå ressursmiljø. Men hovudprinsippet om vitskapleg dokumentasjon er viktig.

Toine Lagro-Janssen tok i 1991 doktorgraden ved Universitetet i Nijmegen på avhandlinga "Female urine incontinence in general practice". Målet med arbeidet var:

- å betre allmennpraktikaren sin innsikt i inkontinenssymptom

- å finne prediksjonsverdien av ulike inkontinenstypar i eit standardtilfelle basert på sjukehistoria

- å beskrive kva innverknad inkontinens har på livskvaliteten

- å evaluere resultat av bekkenbunnstrening og blæretrening som behandlingsform hos allmennnpraktikaren

Hovudfunna var at kvinner med alvorleg grad av inkontinens tilsynelatande sjølv tek kontakt med legen sin. Så det er ikkje blant desse ein finn dei skjulte inkontinens-problema. Dei fleste inkontinenspasientane mestrar situasjonen ved å innskrenke aktivitets-nivået. Dersom kvinnene fortel allmennpraktikaren om symptoma sine, skuldast det gjerne alvorlege problem. Ved ei nøyaktig sjukehistorie kan allmennpraktikaren vurdere kva inkontinenstype det er snakk om. Verknaden inkontinensplagene har på det daglege liv varierer frå pasient til pasient; hos eit fåtall av kvinnene fører det til psykiske problem.

Behandling hos allmennpraktikar gjev gode resultat. Både stress-inkontinente og urge- og blandingsinkontinenspasientar har stor nytte av bekkenbunnstrening og blæretrening. Det vil i allmennpraksis vere gjennomførbart å drive med begge desse treningsformene. Legen kan integrere si vurdering av pasienten sin psykiske tilstand og motivasjon, og ut frå dette tilpasse behandlinga individuelt.


TOC Interessegruppe for forsking omkring urininkontinens

Gruppa vart starta i 1988 som et samarbeid mellom Steinar Hunskår, no professor ved Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen og Bjarne Chr. Eriksen, overlege ved Kvinneklinikken på Regionsjukehuset i Trondheim, no i gynekologisk privatpraksis i Haugesund. Målsettinga er å drive målretta forsking med tanke på betre inkontinensomsorg i Norge. Ingen tema eller angrepsvinklar skulle forsåvidt vere utelukka, men utfrå erfaring og interesser var det naturleg å konsentrere seg om tema som ville passe inn i eit handlingsprogram for inkontinensomsorg i førstelinetenesta. Ein slik strategi identifiserte mellom anna følgjande tema:

- legesøkningsåtferd

- sjukdomsoppsporing (case finding)

- anamnesefaktorar og deira prediksjonsverdi

- klassifikasjonar og undergrupper si fordeling i uselektertepopulasjonar

- utredning og diagnostiske teknikkar

- henvisningspraksis frå primærhelsetenesta til spesialist

- terapistrategiar

- utprøving av nye behandlingstiltak

- trygdemessige tilhøve

- livskvalitet og implikasjonar av tilstanden

- pasientundervisning og helseopplysning

- inkontinensomsorg og sjukepleiefaglege aspekt

- organisering og koordinering av inkontinensomsorg

- modellutprøving i kommunehelsetenesta


TOC Medlemmar 1995

Harald Bratt er overlege ved Kvinneklinikken, Regionsjukehuset i Trondheim, og leiar for inkontinenspoliklinikken etter at Bjarne Chr. Eriksen flytta til Haugesund. Bratt samarbeider med Anita Vanvik og følgjer opp arbeidet med klinisk forsking ved poliklinikken.

Anders Bærheim er førsteamanuensis ved Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen. Han arbeider med undervisning av medisinstudentar, administrasjon samt med fleire studiar på etiologiske og diagnostiske aspekter av nedre urinvegsinfeksjonar hos vaksne kvinner. Han leverte i 1993 inn ei avhandling for den medisinske doktorgrad, og disputerte i januar 1994. Han har samarbeid med Steinar Hunskår om undervisning og forskning.

Kari Bø er fysioterapeut. Ho er no førsteamanuensis ved Norges Idrettshøgskole, og tok i 1990 dr. scientgraden på avhandlinga: "Pelvic floor muscle exercise for the treatment of female stress urinary incontinence". Ho er aktiv nE5†r det gjeld opplæring av fysioterapeutar og legar, og vert mykje nytta i ulike media. Fysioterapi representerar eit viktig fagfelt i inkontinensomsorga, og ho har vunne internasjonal anerkjenning for forskinga si.

Bjarne Chr. Eriksen er spesialist i gynekologi og driv privatpraksis i Haugesund. I den tida han var overlege ved Kvinneklinikken, Regionsjukehuset i Trondheim, bygde han opp ein spesialpoliklinikk for urologisk gynekologi ved klinikken. Dette har i det vesentlege vore ein inkontinenspoliklinikk. Han vart i 1989 dr.med. på avhandlinga "Electrostimulation of the pelvic floor in female urinary incontinence" som var den første doktoravhandlinga om urininkontinens i Norge på mange år. Han har gjort mykje arbeid med organisering av inkontinensomsorga, og han har også forska på elektrostimulering.

Ole Fosse er utdanna lege frå Bergen i 1993. Han er lege på Lillehammer. Han er interessert i medisinsk forsking og har stor kompetanse innan edb. Han var prosjektmedarbeidar på "Evaluering av refusjonsordninga for elektrostimulatorar", der han la opp registreringsprogrammet.

Johannes Haltbakk er lektor ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Han tok hovedoppgåve ved Seksjon for Sykepleievitenskap, Institutt for Samfunnsmedisinske fag, Bergen, på oppgåva "Oversettelse og validering av incontinence stress index" i 1995.

Yngvild Skåtun Hannestad er turnuskandidat. Ho er interessert i allmennmedisin og hadde i 1992/93 NAVF studentstipend for å arbeide med eit prosjekt om østrogensal og haldningar til østrogenforskriving. Artikkelen er under publisering.

Ragnar Hermstad er kommunelege i Rissa og deltek i det såkalla "Rissa-prosjektet" der kommunelegane i Rissa sidan hausten 1989 har hatt eit forskingsprosjekt om UI.

Steinar Hunskår er professor ved Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen. Han var initiativtakar til gruppa og har seinare spela rolla som administrator og inspirator. Han har sidan 1987 gjort urininkontinens til eit hovedtema i si forsking og har forsøkt å knytte til seg personar som vil drive slik forsking i primærhelsetenesta. Han er rettleiar for mange prosjekt innan feltet. Han har også mange undervisningsoppdrag for tilsette i primærhelsetenesta. Hovedoppgåva no er rettleiing samt planlegging av fleire epidemiologi studier om UI. Han er dessutan medlem i Editorial group on Incontinence innan Cochrane Collaboration on systematic reviews, med base i Aberdeen.

Siv Mørkved er fysioterapeut og driv eige institutt i Melhus. Ho tok i 1994 cand. scientgraden ved Universitetet i Bergen med hovedoppgåva "Effekt av bekkenbunnstrening hos kvinner post partum". Ho er lektor ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (fysioterapiutdanninga).

Hogne Sandvik er spesialist i allmennmedisin, og har frå august -91 vore tilsett ved Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen. Han har arbeidet med eit større prosjekt "Medisinsk omsorg ved urininkontinens" som har støtte frå Rikstrygdeverket og Sosialdepartementet. Han har universitetsstipend frå april 1993, og disputerte på sitt doktorgradsarbeid "Female urinary incontinence. Studies of epidemiology and management in general practice" hausten -95.

Arnfinn Seim er kommunelege I i Rissa og initiativtakar til "Rissa-prosjektet" og til det epidemiologiske prosjektet som vart utført i Rissa i 1992. Han er den lokalt ansvarlege for prosjekta og kontaktperson til alle medarbeidarane i Rissa. Frå hausten 1993 har han fått halvt stipend - og i 1995 heilt stipend - frå legeforeninga sitt kvalitetssikringsfond for å arbeide vitskapleg med resultata frå Rissaprosjektet.

Anita Vanvik er sjukepleiar og utdanna uroterapeut frå Universitetet i Gøteborg. Ho arbeider ved poliklinikk for urologisk gynekologi ved Regionsykehuset i Trondheim. Ho er interessert i inkontinensomsorg og tverrfagleg verksemd og tek del i "Anamnese-studien" i samarbeid med Bjarne og Steinar. Ho er ofte nytta som undervisar og er med på fleire publikasjonar.

Anne Vinsnes er sjukepleiar og utdanna uroterapeut frå Universitetet i Gøteborg. Ho dreiv inntil 1995 Senter for sykepleieservice i Trondheim. Senteret er eit rådgjevingssenter for urininkontinente, og har vist seg å stette eit stort behov i byen og distriktet. Ho har også undervisningsstilling ved sjukepleiarhøgskolen. Anne er også interessert i fagutvikling og forsking og ho har utdanning ved Nordiska Hälsovårdshögskolan i Gøteborg (Master of Public Health). Ho er spesielt opptatt av inkontinensomsorg og sjukepleiarroller samt livskvalitetsmålingar ved inkontinens. Ho er no tatt opp som doktorgradsstudent i Gøteborg på eit prosjekt om UI.


TOC Økonomi

Det meste av arbeidet i gruppa må skje innanfor medlemmene si normale arbeidstid og verksemd. Anders Bærheim, Kari Bø, Steinar Hunskår, Hogne Sandvik og Arnfinn Seim har stillingar der forsking er ei av hovudoppgåvene. Fleire av deltakarane har hatt allmennpraktikarstipend frå Den norske lægeforening eller klinisk stipend frå NAVF. Når det gjeld driftsutgifter må også det meste dekkast innan det vanlege arbeidstilhøvet. Men vi har aktivt søkt prosjektstøtte hos legemiddelindustrien. Organon A/S har vore vår "hovudsponsor". Vi er svært glad for denne støtten frå industrien, støtten gjer det mogeleg mellom anna å drive interessegruppa sine felles seminar.

Steinar Hunskår har hatt i oppdrag av RTV å evaluere refusjonsordninga for elektrostimulator. Dette har også styrka økonomien i gruppa. Åse Hjertholm har arbeidd som prosjektsekretær, og Ole Fosse har hatt stilling som EDB-ansvarleg.


TOC Litteraturarkiv

Vi har bygd opp ein EDBbasert litteraturbase som no inneheld referansar til meir enn 4.700 artiklar om inkontinens. Kvar månad vert basen supplert med nye referansar frå MEDLINE. Mange av referansane inneheld artikkel-sammendrag.

Referansane er lagt inn i databaseprogrammet Endnote. Dette programmet kan også brukast saman med tekstbehandlingsystem for å halde styr på referansar i manuskript og tekstar.

For mange av referansane har vi skaffa papirkopiar, altså dei komplette artiklane. Litteraturarkivet er til uvurderleg hjelp i arbeidet vårt, og vi stiller det gjerne til disposisjon for andre. Signe Tønsaker er ansvarleg for den daglege drifta av arkivet.


TOC Seminarserie og kursverksemd

På grunn av at gruppa sine medlemmer arbeider vidt omkring, er det viktig å kunne samlast av og til. Ein hovudidé for gruppa har difor vore å samlast til felles seminar.

Det første vart halde på Bruknappen Gjestgiveri i Nordhordland 27.-29. januar 1989. I tillegg til det faglige programmet vart det god tid til mat, kos og diskusjonar. Det vart også tid til tur i friskt Nordhordlandsver.

Gruppa sitt andre seminar var på Væktarstua i Tydal 20.-22. oktober 1989. Vi hadde presentasjon av prosjektskisser og pågåande prosjekt. Nytt og spennande frå internasjonale kongressar vart også diskutert. Siste dagen drøfta vi temaet "Veiledning og forfattarskap" og arbeidsgruppa si framtid og strategi.

Gruppa sitt tredje seminar vart halde i Rissa 9.-11. november 1990 med Rissa-prosjektet som hovudtema. Alle prosjektmedarbeidarane frå kommunehelsetenesta i Rissa var inviterte. Forutan dette prosjektet, fekk vi tid til å diskutere østrogenbruk i og etter overgangsalderen, litteraturanalyse og dei andre prosjekta våre. Vi arrangerte eit svært vellukka offentleg møte om urininkontinens. Seminaret vart gitt god pressedekning og var god vitamininnsprøyting for alle deltakarane.

Gruppa sitt fjerde seminar var på Gullbotn Turistheim ved Bergen 8.-10. november 1991. Eit omfattande program inneheldt m.a.: Kvifor vart Mictrol trukke tilbake? Oppsummering av Rissa-prosjektet. Presentasjon av prosjektet "Trygdens refusjoner for sykepleieartikler". Aktiviteten ved inkontinenspoliklinikken, RIT. Kvifor kjem ikkje kvinner med inkontinens til lege? Korrekt urinprøvetaking og profylaktiske tiltak mot urinvegsinfeksjon. Epidemiologisk prosjekt i Rissa 1992. Elektrostimulering mot stressinkontinens.

Femte seminar fann stad på Selbusjøen Turisthotel 29-31. januar -93. Stikkord for programmet: Legesøkingsatferd, melkesyrebakterier i forebygging av blærekatarr, trening av bekkenbotn-musklane, valide, sensitive og reproduserbare effektvariablar, finns dei? Ny operasjon for stress- og blandingsinkontinens, urodynamikk som gullstandard, østrogenforskrivning, epidemiologisk undersøkelse av UI, kurs i kritisk artikkellesing, presentasjon av ny bok om UI.

Sjette seminar vart avvikla på Villa Skjoldnes i Bergen 28 - 30 januar 1994. Programmet omhandla denne gongen mellom anna: Refusjon og distribusjon av inkontinensmateriell. Evaluering av elektrostimulatorordninga. Bekkenbunnstrening - eit 5-års materiale. Inkontinens hos born. Trening med vaginalkoner. 4 års resultat etter kolposuspensio. Rissa-prosjektet. Oversetting og validering av spørreskjema 16 deltakarar fann seg godt til rette i omgjevnader prega av fordums pomp og prakt, og der peisild og stearinlys mest gjorde storm og uver om til eit koseleg innslag. Litt kultur vart det også tid til: Eit besøk på Troldhaugen laurdag etter lunsj.

Gruppa sitt sjuande seminar vart avvikla på Vikhammer hotell utanfor Trondheim 24.-26. mars 1995. Stikkord frå programmet: Nytt frå Rissa-prosjektet, vurdering av spørreskjema og fokusgrupper som metodar, bruk av fysioterapi i behandling av urininkontinens, vurdering av PSA ved urinvegssymptom hos menn, og vurdering av kva verdi anamnese og kliniske undersøkingar har ved UVI. Sjølv om seminaret denne gongen fann stad nærare motorvegen enn dei naturfagre omgjevnadene som har vore tradisjonen, fekk dei 10 deltagarane ikkje berre fagleg, men også sosial og kulturell næring. Høgdepunktet var Steinar sine lysbilete og skildringar frå eit halvår i Canada.


TOC Aktuelle prosjekt

Anamnesestudien.

Det er gjort ein prospektiv studie av alle primærhenviste pasientar til poliklinikken i Trondheim. Dei går gjennom eit standardisert spørjeskjema ved uroterapeut og deretter vert det gjort diagnostikk basert på anamnese og på urodynamiske undersøkingar. Målet er å utprøve ulike kortversjonar av spørjeskjemaet med tanke på prediksjon av diagnosen og dessutan å undersøke korrelasjonen mellom anamnese og urodynamiske undersøkingar. Målet var å inkludere 250 pasientar og dette nådde vi i 1992. Dei to første artiklane er akseptert. Forfattarar er Steinar, Bjarne og Atle Klovning.

Evaluering av refusjonsordning for elektrostimulatorar.

Steinar Hunskår har fått dette oppdraget frå Sosialdepartementet og RTV. Data frå rekvisisjonsskjemaet, legen og pasienten vert samla inn og analysert. Den første rapporten vart utarbeidd i februar 1993, sluttrapporten i september 1994. Vi har halde fram med innsamling av data etter dette, og planen er å lage eit vitenskapeleg prosjekt på grunnlag av materialet.

Rissa-prosjektet.

Dette er utprøving av eit rådgjevande utrednings- og behandlingsprogram for allmennpraksis. Alle kommunelegane i Rissa i Sør-Trøndelag tek del. Første pasient vart inkludert like før utgangen av 1989 og målet på 105 vart nådd i 1992. Rissaprosjektet er gruppa sitt største prosjekt og vil gje mange data for vidare analyse. Arnfinn Seim har no stipend for å bearbeide data og fleire artikler er under trykking.

Urininkontinens, eit pasientproblem og eit pleieproblem.

Prosjektet er ei vidareføring av Anne Vinsnes si Master-oppgåve. Ho gjennomfører og prosjektet "Hvordan lever kvinner med sin urininkontinens etter at de har fått behandling for denne i ett år og ikke blitt bra". Saman med Steinar Hunskår arbeider ho og med prosjektet: "Urininkontinens - endring i pasientomsorg som følge av bedre pasientinnsikt og holdningspåverkning av helsepersonell?" Eit anna prosjekt er oversetting og validering av Incontinence Stress Index, noko ho gjer i samarbeid med Johannes Haltbakk i Trondheim.

Forekomst av urininkontinens hos vaksne norske kvinner.

Dette er ei epidemiologisk undersøking som vart gjennomført i Rissa kommune i 1992 med spesiell vekt på legesøkingsåtferd og kontakt med helsevesenet. Prosjektgruppa består av Arnfinn Seim, Ragnar Hermstad, Steinar Hunskår og Hogne Sandvik.

Årsaker og diagnostikk ved nedre urinvegsinfeksjon hos kvinner.

Anders Bærheim tek i sitt hovudprosjekt opp ei rekkje problemstillingar omkring urinprøvetaking, utredning og behandling av urinvegsinfeksjon. Han er også opptatt av førebygging og utløysande faktorar ved urinvegsinfeksjon. Han tok doktorgraden i 1994. Saman med Steinar Hunskår har han i 1994/95 gjennomført ein studie av ein hurtigtest for påvising av bakteriuri. Samstundes vart det innsamla eit stort materiale om legehandtering, diagnostikk og pasientoppleving/symptom ved urinvegsinfeksjon. Bærheim er i tillegg veileder for prosjektet "Akupunktur i profylaksen av cystitt hos kvinner".

Trening og fysioterapi ved urininkontinens.

Siv Mørkved leverte sitt hovedfagprosjekt: Effekt av bekkenbunnstrening hos kvinner post partum, Melhus/Trondheim, ved Seksjon for fysioterapivitenskap, Inst. for samfunnsmed. fag, Bergen, i 1995 og fekk den godkjent med flott karakter.

Kari Bø arbeider med fleire prosjekt innan dette emnet, bl.a. oppfølgingsundersøking av effekt av bekkenbunnstrening og klinisk og urodynamisk undersøking av unge kvinner med og utan stressinkontinens. Ho har i løpet av året byttet jobb frå Idrettshøgskolen til NFF's kompetansesenter i fysioterapi, Oslo.

Kvinneklinikken, Regionsjukehuset i Trondheim.

Harald Bratt samarbeider med Anita Vanvik i prosjektet: Pasientar operert med Kolposuspensio a.m. Burch, eit 4-års materiale. Han deltar også i prosjektet: Intravaginal slynge plastikk (IVS) ved stressinkontinens, som er ein del av ei nordisk multisenterstudie.

HUNT - 95

Prosjektet "Epidemiologisk undersøkelse av urininkontinens hos kvinner. Kartlegging av hyppighet, risikofaktorer og årsaksfaktorer" er eit delprosjekt under Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag 1995-1997 (HUNT-95), ei stor befolkningsundersøkelse av nesten 1000.000 personer. Delprosjektet skal kartlegge forekomsten av ufrivilleg urinlekkasje (urininkontinens) hos kvinner. Risikofaktorar og årsaksfaktorar vil bli kartlagt, og samanhengen med andre sjukdommar vil bli undersøkt. Studien er egna til å besvare spørsmål omkring urininkontinens som det i dag er tvil om, ko-morbiditet, assosierte faktorar og liknande vil vere av vesentleg interesse. Noko av det unike ved HUNT-95 er sjansen til å få definert dei nye tilfella sidan siste undersøking. Ved å identifisere ei gruppe med nyoppstått inkontinens, har vi i HUNT-95 og med data i forrige undersøking eit stort materiale med tanke på å finne risikofaktorar for urininkontinens. Eit slikt materiale vil vere unikt i verda, både i form av sin storleik, og ved omfanget av inkontinensopplysningane som finst.

CONOR - Hordaland 97

Eit av dei minst dokumenterte epidemiologiske omr 5†da innan urininkontinens, er insidens. Og dei fleste stidiane er retrospektive. Vi har gode prevalensdata på inkontinens, men i liten grad veit vi når inkontinensen kjem, det naturlege forlaupet eller om der er remisjonar. Desse spårsmåla håpar vi å kunne få nærare svar på gjennom Kvinnekohorten.

Seksjon for allmennmedisin har foreslått å etablere ein kvinnekohort innan for CONOR HORDALAND 1997 for prospektive studiar over 10-15 år, innanfor følgjande rema:

* Insidens/remisjon av urininkontinens

* Urinvegsinfeksjon (insidens, effekt av forebyggende tiltak, risikofaktorer)

Andre prosjekt

Aune A, Alræk T, LiHua H, Bærheim A. Akupunktur i profylaksen av recidiverende cystitt hos kvinner. Artikkelskriving pågår.

Flatås A. Adferdstrening ved miksjonsforstyrrelser hos barn.

Godkjent hovedfagsoppgave.

Grøtting A, Bærheim A, Hunskår S. Bakteriefunn i urin hos kvinner med cystitt i allmennpraksis.

Malterud K, Bærheim A. "Peeing barbed wire...". Symptom experiences in women with lower urinary tract infection. Innsendt artikkel.


TOC Hogne Sandvik sin disputas

Urinlekkasje - hyppig og underbehandlet

Hogne Sandvik (41) disputerte 10. november for den medisinske doktorgrad ved Universitetet i Bergen med avhandlingen:

Female urinary incontinence. Studies of epidemiology and management in general practice

Hogne Sandvik er født i Steinkjer 1954 og tok sin medisinske embetseksamen ved Universitetet i Trondheim 1980. Han har arbeidet som distriktslege og kommunelege, er spesialist i allmennmedisin og for tiden stipendiat ved Seksjon for allmennmedisin. Veileder for prosjektet har vært professor Steinar Hunskår.

Bakgrunn

Tidligere epidemiologiske undersøkelser av urininkontinens hos kvinner har gitt prevalenstall som varierer fra under 10% til over 50% i enkelte aldersgrupper. Alle undersøkelser viser imidlertid at dette er en meget utbredt tilstand. I de senere år har allmennmedisinske forskere vist at man med enkle behandlingstiltak kan oppnå gode resultater i denne pasientgruppen.

Hensikten med arbeidet var å beskrive forekomsten av urininkontinens blant norske kvinner, samt å undersøke hvordan allmennpraktikerne utreder og behandler disse pasientene. I tillegg ble det gjort en validitetskontroll av noen av undersøkelsesmetodene.

Epidemiologi

En anamnesebasert indeks for angivelse av lekkasjens alvorlighet ble validert mot bleieveiningstester. Diagnostiske spørsmål ble validert mot endelig diagnose etter urodynamiske undersøkelser. Deretter ble tilsvarende opplysninger innhentet i en epidemiologisk undersøkelse.

Tilsammen 29,4% av alle voksne kvinner rapporterte inkontinens. Prevalensen var høyest omkring menopausen og blant de aller eldste. 46% ble klassifisert som lett, 27% moderat og 27% alvorlig. Basert på disse tallene, samt pasientenes subjektive besvær, antas det at minst 6% av alle voksne kvinner kan ha behov for hjelp fra helsevesenet på grunn av inkontinens.

På grunn av lav spesifisitet av de diagnostiske spørsmålene vil blandingsinkontinens bli overrapportert i epidemiologiske undersøkelser. Våre resultater tyder på at en større majoritet enn hittil antatt kan ha ren stressinkontinens. En separat studie blant kjente bleiebrukere tyder på at svarbias kan medføre undervurdering av prevalensen av alvorlig inkontinens og bidra til den ofte rapporterte prevalenstoppen omkring menopausen.

Hva gjør allmennpraktikeren?

Allmennpraktikerners håndtering av problemet ble undersøkt ved hjelp av korte kasuistikker, pasientintervju og journalgjennomgang. Ingen av disse metodene kan regnes som gullstandard. Det var dårlig overensstemmelse mellom pasientens opplysninger og hva som var notert i journalene. Legenes svar på kasuistikkene ble sammenlignet med hva de hadde gjort med tilsvarende virkelige pasienter. Bruk av kausistikker fører lett til at man overvurderer aktivitetsnivået, spesielt hvis man bruker lukkede spørsmål med forhåndsdefinerte svaralternativer. Overensstemmelsen er noe bedre hvis man bruker åpne spørsmål.

Allmennpraktikerne hadde gjort gynekologisk undersøkelse og kontrollert urinen hos ca. 2/3 av pasientene. Andre undersøkelser ble sjelden gjort. Bare 1/3 av pasientene hadde fått instruksjon i bekkenbunnsøvelser og mindre enn halvparten av de eldre hadde fått østrogen. Erfarne kvinnelige allmennpraktikere hadde generelt en noe mer aktiv holdning enn sine kolleger.

De viktigste konklusjonene som kan trekkes fra dette arbeidet er at inkontinens er meget hyppig blant voksne kvinner, oftest i form av ren stressinkontinens. Minst 6% kan antas å være potensielle pasienter for helsevesenet. Det synes som om allmennpraktikerne ikke utnytter det potensialet som ligger i veldokumenterte, enkle behandlingstiltak.


TOC Publikasjonar 1995

Borrie MJ, Ostbye T, Morin D, Hunskår S. Urinary and fecal incontinence in Canadian long-term care institutions: Prevalence and associated factors. Abstract Royal College of Physicians and Surgeons of Canada, kongress 1995. Clinical and Investigative Medicine 1995; 18 (Suppl B): B58.

Bærheim A, Digranes A, Innvik R, Hunskår S. Hurtigtest versus dyrkning av bakteriuri. Internrapport, oppdragsforskning fra a/s Organon, 1995.

Bærheim A, Hunskår S. UVI-vurdering i allmennpraksis ikke den samme som på sykehus. Läkartidn 1995; 92: 2980-1.

Bø K. Inkontinens, hvor er fysioterapeutene? Fysioterapeuten, 8: 16-17, 1995.

Bø K. Adherence to pelvic floor muscle exercise and long-term effect on stress urinary incontinence. A five year follow up study. Scan J Med Sci Sports, 5: 36-39, 1995.

Bø K. Vagianl weight cones. Theoretical framework, effect on pelvic floor muscle strength an female stress urinary incontinence. Acta Obstet Gynecol Scan, 74: 87-92, 1995.

Bø K. Functional aspects of the striated muscles within and around the female urethra. Scand J Urol Nephrol 29, Suppl, 175: 27-35, 1995.

Hunskår S, Bærheim A. Asymptomatisk bakteriuri hos gravide skal oppdagast, behandlast og kontrollerast! Utposten 1995; 24: 157-9.

Mørkved S. Effekt av bekkenbunnstrening hos kvinner post partum. Fysioterapeuten nr. 8, juli 1995.

Mørkved S. The effect of post partum pelvic floor muscle Exercise. Proceedings World Confederation for Physical Terapy Congress, Washington DC, USA, 1995.

Mørkved S. Bekkenbunnstrening gir gode resultater. Jordmorbladet nr. 9, november 1995.

Sandvik H, Hunskår S, Vanvik A, Bratt H, Seim A, Hermstad R. Diagnostic classification of female urinary incontinence: An epidemiological survey corrected for validity. J Clin Epidemiol 1995; 48: 339-43.

Sandvik H, Hunskår S. Urininkontinens blant voksne kvinner. Utbredelse, legesøkning og bruk av hjelpemidler. Rapport, Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen, Bergen, mai 1995.

Sandvik H, Hunskår S. General practitioners' management of female urinary incontinence. Medical records do not reflect patients' recall. Scandinavian Journal of Primary Health Care 1995; 13: 168-74.

Sandvik H, Hunskår S. The epidemiology of pad consumption among community-dwelling incontinent women. Journal of Aging and Health 1995; 7: 417-26.

Sandvik H. Female urinary incontinence. Studies of epidemiology and management in general practice. Doktoravhandling. Bergen, 1995.

Sandvik H. Criterion validity of responses to patient vignettes. An analysis based on management of female urinary incontinence. Fam Med 1995; 27: 388-92.

Sandvik H, Hunskår S. Trygdens refusjoner for sykepleieartikler og visse legemidler ved urininkontinens. Rapportsammendrag. Bergen: RTV, september 1995.

Seim A, Sandvik H, Hermstad R, Hunskår S. Female urinary incontinence - consultation behaviour and patient experiences. An epidemiological survey in a Norwegian community. Fam Pract 1995; 12: 18-21.

Seim A. Urininkontinens i allmennpraksis - de fleste kan hjelpes. Abstrakt Nidaroskongressen 1995.

Vinsnes A.G. Kapitlet. Hjelp ved urininkontinens i boken Omsorgsarbeideren 1. Oslo: Universitetsforlaget A/S, 1995; 91-101.

Vinsnes A.G. How do women live with their urinary incontinence? What can we learn from their narratives? Book of abstracts. Nursing scholarship and Practice, First Biennial International Nursing Conference 1995; 36.


TOC Føredrag 1995

Bærheim A.:

- Dysuri, diagnostikk og behandling. Kurs 51, urologi. Stavanger, februar 1995

- Urinprøvetaking. Asymptomatisk bakteriuri. Kurs B-1100 Urinvegssjukdomar i allmennpraksis. Bergen, februar 1995.

- Urinmikroskopi. Asymptomatisk bakteriuri. Kurs B-1100 Urinvegssjukdomar i allmennpraksis. Bergen, februar 1995.

- Praktisk bruk av strimmel og mikroskopi. Asymptomatisk bakteriuri. Kurs B-1100 Urinvegssjukdomar i allmennpraksis. Bergen, februar 1995.

- Prostatitt og epididymitt i allmennpraksis. Asymptomatisk bakteriuri. Kurs B-1100 Urinvegssjukdomar i allmennpraksis. Bergen, februar 1995.

- Urinvegsinfeksjoner: Klassifikasjon og diagnostikk. Asymptomatisk bakteriuri. Kurs B-1100 Urinvegssjukdomar i allmennpraksis. Bergen, februar 1995.

- Urinvegsinfeksjoner hos barn. Asymptomatisk bakteriuri. Kurs B-1100 Urinvegssjukdomar i allmennpraksis. Bergen, februar 1995.

- Urinvegsinfeksjoner hos gravide. Asymptomatisk bakteriuri. Kurs B-1100 Urinvegssjukdomar i allmennpraksis. Bergen,februar 1995.

- Urinvegsinfeksjoner hos kvinner. Asymptomatisk bakteriuri. Kurs B-1100 Urinvegssjukdomar i allmennpraksis. Bergen, februar 1995.

- Livsstilsråd ved hyppig blærekatarr hos kvinner. Asymptomatisk bakteriuri. Kurs B-1100 Urinvegssjukdomar i allmennpraksis. Bergen, februar 1995.

- Resultat RUTI-prosjektet. Ved møte for forkontorpersonale i RUTI-undersøkelsen. Bergen, februar 1995.

- Urinundersøkelse i allmennpraksis. Ved møte for forkontorpersonale i RUTI-undersøkelsen. Bergen, februar 1995.

- Hva er blærekatarr? Seminaret Blærekatarr i kvinneperspektiv - hva kan kroppen fortelle? Oslo, mars 1995.

- Urinveisinfeksjonenes epidemiologi. Ved kurs B-1107, Urinveisinfeksjoner - i og utenfor sykehus. Bergen, mars 1995.

- Patogenese ved urinveisinfeksjoner. Ved kurs B-1107, Urinveisinfeksjoner - i og utenfor sykehus. Bergen, mars 1995.

- Nedre urinveisinfeksjoner hos kvinner. Ved kurs B-1107, Urinveisinfeksjoner - i og utenfor sykehus. Bergen, mars 1995.

- Diagnostikk ved blærekatarr hos kvinner. Kurs for legesekretærer. Bergen, april 1995.

- Blærekatarr hos kvinner. Aspakter ved etiologi og diagnose. Nidaroskongressen. Trondheim, oktober 1995.

- Residiverende urinveisinfeksjon hos ellers friske kvinner. Internundervisning Farmakologisk seksjon. Bergen, november 1995.

Bø K.:

- Rogaland legeforening. Den norske legeforening. Urologikurs for allmennleger. Stavanger 07.02.95. Pedagogiske prinsipper for bekkenbunnstrening.

- Inkontinens hos kvinner, prevalens, etiologi, patofysiologi, bekkenbunnstrening. Statens institutt for folkehelse, 15.03.95.

- "Shedding light", Weston Super Mare, Sout Western Association for continence advicers, 25-27 april 1995. Key note speaker "Stress incontinence."

- Keynote Amsterdam Pelvic Floor Netherlands, 22.06.95. Role of physiotherapy in a multidiciplinary approach to pelvic floor dysfunction.

- World Conference of Physical Therapy, Washington DC, USA, juni 1995: Long term effect of pelvic floor muscle exercise in treatment of stress incontinence.

- International Continence Society Annual Meeting, Sydney, Australia okt. 1995: "Does maximum vaginal electrical stimulation (Conmax and Medicon MS-105) cause pelvic floor muscle conraction?"

- Women's Health Issues, Australian Physiotherapy Association. Pelvic floor, Sydney, Australia, okt. 1995, Key note: Exercise Physiology related to pelvic floor muscle strengthening for the treatment of GSI.

- Women's Health Issues, Australian Physiotherapy Association. Pelvic floor, Sydney, Australia, okt. 1995: Does vaginal electrical stimulation cause pelvic floor muscle contraction?"

- Markeringsuke avdeling for Helsefag, Høgskolen i Tromsø, 9. nov. 1995: Kvinnehelse: "Inkontinens hos kvinner og konsevativ behandling."

- Seminar Fysikalsk avd., Universitetssykehuset i Tromsø, 9. nov. 1995: "Trening, elektrostimulering eller "koner" i Behandling av stress inkontinens?"

Hunskår S.:

- Utredning og behandling av urininkontinens hos gamle. Foredrag for helsepersonell, Trondheim, januar.

- Utredning og behandling av urininkontinens i allmennpraksis. Kurs i Urologi, Stavanger, februar.

- PSA. Kurs i Urologi, Stavanger, februar.

- Diagnostikk basert på klinisk epidemiologi. Kurs i Urologi, Stavanger, februar.

- Epidemiologi i urologi. Kurs i Uronefrologi, Bergen, februar.

Urininkontinens. Kurs i Uronefrologi, Bergen, februar.

- Urinveisinfeksjon. Kurs i Uronefrologi, Bergen, februar.

- Prostataplager. Kurs i Uronefrologi, Bergen, februar.

- Klinisk diagnostikk. Kurs i Uronefrologi, Bergen, februar.

- Hematuri. Kurs i Uronefrologi, Bergen, februar.

- Underlivsplager hos eldre kvinner. Kurs i geriatri, Bergen, mars.

- Utredning og behandling av urininkontinens i allmennpraksis.

- Kurs i Geriatri, Bergen, mars

- Utredning og behandling av urininkontinens i allmennpraksis. Foredrag for 9 Nordiske kongress i allmennmedisin, Uppsala, juni.

- Evaluering av refusjonsordning for elektrostimulatorer. Forskningsseminar, Oslo, september.

- Å leve med inkontinens. Emnekurs for gynekologer. Bergen, september.

Mørkved S.:

- Kursledelse og div. foredrag om forekomst og behandling av urininkontinens. Kurs i gynekologi for fysioterapeuter. Regionsykehuset i Trondheim, februar.

- The effect of post partum pelvic floor muscle Exercise. Verdenskongress for fysioterapeuter, Washington DC, USA, Juni.

Sandvik H.:

- Trygdens refusjoner for sykepleieartikler og visse legemidler ved urininkontinens. Seminar, Rikstrygdeverket, Oslo, september (3 foredrag à 20-30 min.)

Seim A.:

- Organisasjons behandling og omsorgstjeneste for kvinner med inkontinens. Kurs i gynekologi for fysioterapeuter i 1. og 2. linjetjeneste. Trondheim, Februar 1995.

- Urininkontinens i allmennpraksis - de fleste kan hjelpes. Norsk Allmennmedisinsk Forskningskongress. Trondheim. Oktober 1995.

Vinsnes A.G.:

- How is daily life for women with urinary incontinence? What can we learn from their narratives? First Biennial International Nursing Conference, Nursing Scholarship and practice. Reykjavik, juni.

- Livskvalitet hos kvinner med urininkontinens. Kurs i gynekologi for fysioterapeuter i 1.- og 2.- linjetjenesten. Trondheim, februar.

- Subjektive opplevelser og livskvalitet hos kvinner med urininkontinens. Scanmedica I-95. Tverrfaglig konferanse - Tema: "Livskvalitet". Bergen, mars.

- Analyse av fenomener på tvers av sykepleievitenskapens domener: Analyse av sykepleiefenomenet urininkontinens. Sykepleievitenskap, I avd. Institutt for Sykepleievitenskap. Oslo, april.


TOC Deltaking ved kongressar, seminar og kurs 1995

Bærheim A.:

- Urinvegslidelser i allmennpraksis. Bergen, februar 1995.

Hunskår S.:

- Urinvegssjukdommar i allmennpraksis. Bergen, mars.

- Nordisk kongress i allmennmedisin, Uppsala, juni.

- Nidaroskongressen, Trondheim, oktober.

Mørkved S.:

- Verdenskongress for fysioterapeuter, Washington DC, USA, juni.

Sandvik H.:

- Kurs nr B-1107: Urinveisinfeksjoner - i og utenfor institusjoner. Bergen 23-24 mars 1995.

- Inkontinensseminar. Trondheim 24-26 mars 1995.

Seim A.:

- Medisinsk forskning i teori og praksis. Obligatorisk forskerkurs for doktorgradskandidater. Universitetet i Trondheim, januar-desember.

- Nidaroskongressen. Trondheim, oktober.

- Grunnkurs 2 i allmennmedisin. Trondheim, desember

Vinsnes A.G.:

- 15th Annual Conference of the Association for Continence Advice. Weston Super Mare, april.

- First Biennial Nursing Conference. Nursing Scholarship and practice. Reykjavik, juni.

- Subjektive opplevelser og livskvalitet hos kvinner med urininkontinens. Scanmedica I.95. Tverrfaglig konferanse - Tema: "Livskvalitet". Bergen, mars.

- Fordypningskurs i Livskvalitetsforskning. Nordiska Hælsovårdshøgskolan, Gøteborg, august.

- Forskerkurs i Grounded Theory. Nordiska Hælsovårdshøgskolan, Gøteborg, september.

- Forskerkurs i Samhallsmedicinsk forskning, Nordiska Hælsovårdshøgskolan, Gøteborg, desember.


TOC Komitear og utval 1995

Bærheim A.:

- Medlem i kurskommiteen for kurset Urinveislidinger i allmennpraksis.

- Medlem NSAMs referansegruppe for urinveislidelser

- Faglig medarbeider i Norsk legemiddelhåndbok, Tidsskrift for den norske lægeforening, Scandinavian Journal of Primary Health care, Brittish Journal of General Practice.

Bø K.:

- ICS subcommittee Standardization of Pelvic prolapse and the pelvic floor.

- Editorial board, Neurorurology and Urodynamics.

- Review editor Medicom Continence Survey.

- Peer Reviewer, International Urogynecology Journal.

Hunskår S.:

- Leder av NSAM's referansegruppe for urinvegslidelser.

- Faglig medarbeider, Tidsskrift for Den norske lægeforening.

- Faglig medarbeider, British Journal of General Practice.

- Faglig medarbeider, Scandinavian Journal of Clinical & Laboratory Investigation

- Leder i kurskomiteen for kurset Urinvegssjukdommar for allmennpraktikarar

Sandvik H.:

- Medlem/konstituert leder av Allmennmedisinsk Forskningsutvalg.

Vinsnes A.G.:

- Medlem i Fagutviklingsgruppen for kirurgisk klinikk, RIT.

- Styremedlem i Nordisk Uroterapeut Forening (UTF).

- Fagkonsulent for Rikstrygdeverket, prisforhandlingskontoret.

- Medlem av arbeidsgruppe har utarbeidet godkjenningskrav og testprotokoll for inkontinenshjelpemidler.


TOC Helseopplysning, brosjyrar og bøker

Sandvik H.

Følgende dokumenter er lagt ut på internett:

- Female urinary incontinence - studies of epidemiology and management in general practice. http://www.uib.no/isf/people/synop.htm

- The epidemiology of female urinary incontinence. http://www.uib.no/isf/people/doc/epidem.htm

- Costs and consequences of incontinence. http://www.uib.no/isf/people/doc/cost.htm

- History as a diagnostic tool in female urinary incontinence. http://www.uib.no/isf/people/doc/history.htm

- Clinical investigations in female urinary incontinence. http://www.uib.no/isf/people/doc/clin.htm

- Treatment of female urinary incontinence - an annotated evaluation of non-surgical therapeutic options. http://www.uib.no/isf/people/inkter.htm


TOC Planar

Interessegruppa for urininkontinens er no i godt gjenge. Frå å vere ei samtalegruppe og planleggingingsgruppe for nye prosjekt, ser vi no godt arbeid når det gjeld fagutvikling og forsking. Vi ser at fleire publikasjonar vil komme som resultat av gruppa sitt arbeid i åra som kjem. Vi ønskjer å halde fast ved noverande arbeidsform og noverande tema. I tillegg ser vi at fleire av medlemmene i gruppa utviklar idéar og utarbeider prosjektplanar.

blue Instituttets hovedside
blue UiBs hovedside

Institutt for samfunnsmedisinske fag, sist oppdatert 17.04.97

Hogne.Sandvik@isf.uib.no