TOC Next Page

FORORD


I dei seinare åra har det vorte sett inn store ressursar for å heva standarden på tilboda til svake grupper i samfunnet. Viktige begrep i endringa av tilboda har vore desentralisering, integrering og normalisering. I praksis har det ført til nedlegging av institusjonar, tilbakeføring til heimkommune og innflytting i "normale" bustader.

Det nye her var at kommunane fekk plikt til å etablere tilbod ut frå brukarane sine behov. Etter kvart kom turen også til psykiatrien. Sogn og Fjordane var det fylket i landet som inn til slutten av 1980-åra hadde flest plassar i psykiatriske sjukeheimar. Nedtrappinga av fylkessjukeheimen Tronvik i løpet av åttitalet og nedlegginga av Harastølen i 1991 førde til at mange langtidspasientar vart ført attende til kommunane. Samstundes vart "stien" inn til institusjonsplass gjort vesentleg smalare. Utbygginga av psykiatriske poliklinikkar på 4 stader i fylket vart grunnstamma i ein desentralisert behandlingsmodell. Psykiatrisk klinikk i Førde overtok etter kvart all akuttpsykiatri frå Hordaland. Vilkåret for at psykiatritilbodet i fylket skulle gi det forventa resultatet, var at kommunane tok eit utvida ansvar for personar med psykiske lidingar.

Fleire registrerte gjennom sitt virke konsekvensen av endringane i det fylkeskommunale psykiatritilbodet. Samstundes såg dei at mange med psykiske lidingar levde isolert, utan høve til å delta i det som elles gjev folk livskvalitet. Høve til aktivt å kunne gjere noko for desse personane og deira pårørande kom med Sosial- og helsedepartementet sitt Tilgjengelighetsprogram.

Samhandlingsprosjektet for 6 kommunar i Indre Sogn vart eit av 7 delprosjekter spreidd rundt om i landet. I mi rolle som leiar i styringsgruppa har eg hatt høve til å følgje prosjektet fra start til slutt. Kort fortalt har eg i prosjektperioden registrert ei vesentleg kompetanseheving innan den kommunale helse- og sosialtenesta, nedbryting av skarpe skille mellom ulike etatar, eit utstrekt samarbeid over kommunegrensene og ikkje minst - dei som "eig" problema er no på bana i alle kommunane. Ei rekke tiltak er sett i gang for å lette kvardagen for brukarane og deira pårørande, tiltak som vil vere ei god rettesnor for vidare utbygging av tilbodskjeda i kommunane. Kunnskapsspreiinga frå prosjektet har vonaleg skapt nye haldningar i samfunnet og mellom dei som er der for å hjelpa.

Prosjektdeltakarane her i heile perioden vore prega av sterk optimisme om at dei skulle nå hovudmåla med Samhandlingsprosjektet. Sluttrapporten stadfestar at dette har lukkast. Frå min ståstad har prosjektleiaren og PS-gruppene ein stor del av æra for det. Eg vonar at røynslene frå Samhandlingsprosjektet kan verte ei rettesnor for andre deler av landet i arbeidet med å betre levekår for personar med psykiske lidingar.

Kjell Helleland

leiar i styringsgruppa


Epost til prosjektleder (Janecke Thesen)

TOC Next Page

blue Instituttets hovedside
blue UiBs hovedside

Institutt for samfunnsmedisinske fag, sist oppdatert 03.06.96

Hogne.Sandvik@isf.uib.no